Bokdesign – korleis ein klarer å ta noko så enkelt som ein tekst og forandre han til noko så fantastisk som ei bok – er eit tema eg eigentleg kan absurd lite om. Samtidig er det eit tema eg kunne enno mindre om for nokre månader sidan. Kva har skjedd etter det? Vel… Eg har gitt ut ei bok. Og eg hadde ikkje eit forlag som kunne hjelpe meg med dette, så eg måtte designe ho sjølv.
Om ein googlar bokdesign, får ein inntrykk av at dei fleste som driver med bokdesign held til i ei av to leirer: dei som bruker Adobe InDesign, og dei som bruker LaTeX. To system som begge har klare fordelar og som fungerer strålande til sitt bruk. Men eg innsåg kjapt to ting:
- Dersom eg er interessert i å bruke Adobe InDesign, må eg selja fjorten millioner bøker for å gå i null.
- Dersom eg er interessert i å bruke LaTeX, må eg ta ein doktorgrad for å lære meg korleis eg skal bytte font.
Sjølvsagt overdriver eg. Jobbar du med eit prosjekt som er så svært at det lønner seg for deg å kjøpe InDesign, eller lære LaTeX – gjer det! Du kjem sannsynlegvis ikkje til å angre. Men i mitt tilfelle bestemte eg meg for å prøve eit tredje, og langt mindre populært alternativ: Microsoft Word.
Det finst tonnevis av artiklar på nettet om kvifor ein ikkje bør designe bøker i Microsoft Word. Det eg oppdaga i prosessen med å setja opp boka mi, var at ein del av grunnane du kan lese om i slike artiklar ikkje stemmer. Kanskje er artikkelen nokre år gamal – og Word har jo utvikla seg litt sidan nittitalet. Kanskje inneheld artikkelen myter som ikkje stemmer. Sannsynlegvis vil artikkelen trekkja fram nokre punkt som Word får minuspoeng for fordi standardinnstillingane er heilt borti natta – men at standardinnstillingane ikkje er bra nok tyder ikkje at det ikkje finst andre innstillingar.
Sjølvsagt er InDesign betre enn Word. Men Word fungerer – det fungerte iallfall for meg – om ein berre veit korleis ein skal bruke det. Så difor bestemte eg meg for å skrive eit blogginnlegg om korleis eg gjekk fram for å lage boka mi i Word. Og så innsåg eg at det blogginnlegget kom til å bli så absurd langt at eg måtte dele det opp i fleire delar. Kor mange delar? Eg veit ikkje enno. For ein smakebit på korleis resultatet blir, henviser eg til første kapittel av boka mi, som du kan lese gratis ved å trykke på denne lenkja.
Eg skal forsøke å skrive denne teksten slik at han kan brukast både av deg som vil skrive ei bok i Word og av deg som har ein tekst allereie som du berre treng å formatere. For referansens skuld: Eg bruker Word 2007, og operativsystemet eg gjer dette i er Windows 7. Om eg veit at noko er annleis i Word 2010 kjem eg kanskje til å nemne det – vi får sjå.
Og den introduksjonen var på over 450 ord, så la oss starte! Men før vi i det heile tatt opnar Word, la oss førebu eit par andre ting.
Continue reading →