being_donald_duck_3

B-gjengen: «Being Donald Duck»


Teikning: © DISNEY (teikna av Maria José Sanchez Núñez, frå Donald Duck & Co 26/2003)

Manus: Olaf Moriarty Solstrand

Teikna av: Maria José Sanchez Núñez

Lengde: 14 sider

Manus levert: November eller desember 2001

Først utgitt: 19. juni 2003

Norsk publikasjon: Utgitt med tittelen «Donald for en dag» i Donald Duck & Co 26/2003 (og gjenutgitt i En kvart årgang: Bladene fra april-mai-juni 2003). 

Kjapt handlingsreferat: B-gjengen oppdagar tilfeldigvis at Petter Smart har laga ei maskin som lar to menneske bytte kropp. Dei bestemmer seg kjapt for å stele maskina og bruke den for å bytte kropp med nokon som jobbar i Pengebinga – nærare bestemt Donald – for å kome seg inn dit.

Forfattarens kommentarar:

  • Dette var mitt aller første Donald-manus (ikkje det første eg skreiv, men det første som faktisk blei akseptert (og òg det første som stod på trykk)). Norsk media blei då villeia til å tru at eg var den første norske Donald-forfattaren på tjue år, og det blei ein del medieblest rundt dette (så mykje at då Allers ringte måtte eg takke nei).
  • Å bytte kropp er ikkje noko nytt verken i Donald-samanheng eller andre stadar (som ein programleiar i NRK P3 sa om historia: «Det der er jo plottet til Face/Off!») Eg var kanskje særleg inspirert av «Personlighetsomformeren» (Del Connell / Tony Strobl, Jul hos Donald & Co).
  • Maskina Petter Smart bruker for å hjelpe Donald ut av fengsel har eg rappa frå Carl Barks-historia «Fremtidsutsikter» (WDC 249, DD&Co 10/62).
  • Og fordi eg ikkje klarte å dy meg putta eg òg inn ei lita referanse til Carl Barks-historia «Tenkeboksen» (WDC 141, DD&Co 6/53).
  • Såvidt eg veit den einaste av historiene mine som er utgitt i USA (Uncle Scrooge 343).

 

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>