margarine-hotline

Donald Duck: «The margarine hotline»


Teikning: © DISNEY (teikna av Arild Midthun, frå Donald Duck & Co 5/2010)

Manus: Olaf Moriarty Solstrand

Teikna av: Arild Midthun

Lengde: 8 sider

Manus levert: 2006

Først utgitt: 1. februar 2010

Norsk publikasjon: Utgitt med tittelen «Den gule linje» i Donald Duck & Co 5/2010. Gjenutgitt i Hall of Fame: Arild Midthun bok 3. 

Kjapt handlingsreferat: Donald klarer å overtyde leiinga for margarinfabrikken til å starte ei hjelpelinje som folk kan ringe inn til for å få svar på alt dei lurer på om margarin – og la Donald styre denne. Planen er at interessa skal dabbe av slik at Donald får moglegheit til å slappe av på jobben, og det finst sjølvsagt ingen måter dette kan føre til store katastrofer på – eller kan det det?

Forfattarens kommentarar:

  • Ei av svært få historier der eg har brukt Donalds hund Bolivar.
  • Det var mi no-kone-den-gongen-MSN-Messenger-kontakt Kristin Cecilia Saue Romundset som lærte meg kor fantastisk oksegallesåpe er når det kjem til å fjerne fettflekkar. Og overtydde meg om at bakeren i historia burde vera ung og uerfaren (eg såg først for meg ei søt gamal dame i denne rolla, men det er sjølvsagt heilt urealistisk at ein Ingrid Espelid Hovig-type plutseleg skal gløyma korleis ein baker rundstykker).
  • Dette var første gong eg brukte den ikoniske margarinfabrikken. Eg er ikkje 100 % sikker, men eg trur at eg har brukt margarinfabrikken berre to gonger (her og i «Octopus of Time»). Etter det har redaktøren min overtydd meg til at det er betre å gi Donald nye yrker i kvar historie framfor å alltid sende han tilbake til den same fabrikken.

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>