the-plagiarizer

Donald Duck: «The plagiarizer»


Teikning: © DISNEY (teikna av Cèsar Ferioli Pelaez, frå Donald Duck & Co 9/2012)

Manus: Olaf Moriarty Solstrand

Teikna av: Cèsar Ferioli Pelaez

Lengde: 10 sider

Manus levert: 2007

Først utgitt: Februar 2012

Norsk publikasjon: Utgitt med tittelen «Historieløs» i Donald Duck & Co 9/2012. 

Kjapt handlingsreferat: Donald har skrive ei novelle og sendt denne inn til bladet «Fluff and Fiction» med håp om at dei ville publisere denne, men fekk eit avslag. Stor er difor overraskinga når han finner ut at novella hans står i neste nummer av bladet – signert redaktøren! Donald er fast bestemt på å avsløre dette plagiatet, koste kva det koste vil, men det viser seg å vera lettare sagt enn gjort…

Forfattarens kommentarar:

  • Dette var opphavleg eit manus på tolv sider. Manuset blei skrive på eit tidspunkt då hovudhistoriene i Donald-bladet som regel var på tolv sider, men ikkje sendt til ein teiknar før dei hadde kutta i sidetalet og den nye standarden var at desse helst skulle vera på ti sider. Historia var heldigvis enkel å kutte ned – eg hadde delt handlinga opp i tydelege sekvensar, så redaktøren min fjerna berre sekvensen med Dolly (som i det opphavlege manuset sat på ein kopi av Donalds historie, men denne blei øydelagt før dei to sidene var over) og gav heller Ole, Dole og Doffen ei litt større rolle.
  • Det seiast at ein skal «Write what you know». Eg har fleire gonger spøkt med at «Eg har skrive to forskjellige historier som handlar om opphavsrett» (den andre er pr. august 2014 ikkje utgitt).
  • … men det historia eigentleg handlar om, under all denne opphavsretten, er jo korleis Donald har hovudrolla i sitt eiget liv og forventer at alle andre skal stille opp for han som statistar, og i denne historia gjer dei ikkje det – dei leiar sine eigne liv, dei har sine eigne prosjekt, og når Donald til slutt gjer det han gjer for å kome sigrande ut, er det noko som gagnar han, men som rammar dei personlege liva til dei andre, og Donald er for sjølvopptatt til å leggja merke til det. Eg håper at dette var sjølvforklarande for alle som leste historia, men eg synest det er eit så viktig poeng at eg ville nemne det likevel.
  • Eg diskuterte fleire detaljar av denne historia med donaldforfattar Nils Petter Smeby i prosessen. Hovudskurken/redaktøren gav eg difor for moro skuld etternamnet Smeeby. Fornamnet Monty var inspirert av Monty Python – Donald nemner i ei bisetning at redaktøren «til og med har plagiert onkel Skrues fallem», og denne blei venskapeleg kopiert i ein Monty Python-sketsj, så eg følte at det var passande.
  • Og apropos namn har Monty Smeeby ein sekretær som heiter Miss Geerhart – sjølvsagt var det Helga frå «Allo, «allo! eg hadde i tankane då eg skreiv dette.
  • Historia blei kritisert i donaldistiske fora for at Skrue, som var innestengt i pengebinga, seier at han «haldt på å gå tom for luft». Ok, pengebinga er svær og går neppe tom for luft så fort, men spelar det eigentleg ei rolle? Kan ikkje Skrue ha sagt at han haldt på å gå tom for luft fordi det føltes som at han haldt på å gå tom for luft? *forsøker diskret å dytte mine feil over på figurane*
  • Då historia blei utgitt blei eg oppringt av ein journalist i lokalavisa Fjuken, som syntes det var veldig festlig at avisseljaren på første side heitte Fjuken og lurte på kvifor eg hadde vald det namnet. Eg forklarte høflig at eg hadde skrive historia på engelsk og hadde ingenting med den norske teksten å gjera (i min tekst heitte avisseljaren «Terry»), og henviste han til omsetjar Martin Molaug.

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>