Skann_20140822 (3)

Donald Duck: «The sequel machine»


Teikning: © DISNEY (teikna av Romano Scarpa, frå Donald Duck & Co 35/2004)

Manus: Olaf Moriarty Solstrand

Teikna av: Romano Scarpa

Lengde: 12 sider

Manus levert: 2002

Først utgitt: 20. august 2004

Norsk publikasjon: Utgitt med tittelen «Fortsettelse følger» i Donald Duck & Co 35/2004 (og gjenutgitt i En kvart årgang: Bladene fra juli-august-september 2004). 

Kjapt handlingsreferat: Donald er hekta på westernromanar, men er for utålmodig til å vente på at neste bok i serien blir utgitt – så Petter Smart gir han ei maskin som lar han mate inn ei bok, og så kjem neste bok i serien ut i den andre enden. Når han innser kor mektig maskina er, forsøker Donald å mate inn ei avis i ho for å få ut morgondagens børsnoteringar – men kva skal han gjera når det viser seg at morgondagen er full av katastrofer?

Forfattarens kommentarar:

  • Ja, eg skal innrømme det: Ideen var svært inspirert av Morgenutgaven som gjekk på TV3 på den tida. Iallfall konseptet. Eg såg nokre trailarar, men eg har aldri sett ein episode av serien. Men sjølvsagt hadde eg dei trailarane i bakhovudet då eg skreiv denne historia.
  • Denne historia blei skrive i ein kort periode då eg forsøkte å gjera så grundig research eg klarte utan å ha tilgong på Internett heime. Som eit resultat av det sat eg ei stund på telefonen med ein ornitolog eg diverre har gløymd namnet på for å få eit godt namn på ein akkurat passe utrydningstrua fugl som kunne tenkja seg å leve i Calisota.
  • Eg har framleis ikkje kome over kor absurd fantastisk det er at eg har klart å skrive noko som har blitt illustrert av Romano Scarpa. Mannen er eitt av mine største idol, og han var nesten like viktig for barndomen min som Carl Barks var.
  • Historia inneheld ein veldig grov feil. På eit tidspunkt i historia må Donald og nevøane slokke ein brann på eit meieri, og ingen av dei finn vatn å slokke med, så Donald kjem springande med ei bøtte mjølk som han slokker brannen med. Nevøane er svært overraska over at Donald klarte å vera så snartenkt. Det var iallfall det som skulle ha skjedd, men eg klarte å gløyma å leggja inn ein notis til fargeleggjaren om at væska i bøtta var kvit mjølk. Resultatet er at det Donald kjem springjande med og slenger på brannen er heilt vanleg vatn, og då verkar det plutseleg ikkje berre snodig, men òg ein smule ondskapsfullt, at Ole, Dole og Doffen står der og er veldig sjokkerte og overraska over at Donald var kapabel til å klare å kome på at det går an å slokke ein brann ved å kaste vatn på han.

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>