Skann_20140822 (5)

Donald Duck: «Wand vs. woodchucks»


Teikning: © DISNEY (teikna av Arild Midthun, frå Donald Duck & Co 39/2007)

Manus: Olaf Moriarty Solstrand

Teikna av: Arild Midthun

Lengde: 12 sider

Manus levert: 2003

Først utgitt: 24. september 2007

Norsk publikasjon: Utgitt med tittelen «Tryllestav mot hakkespetter» i Donald Duck & Co 39/2007. Gjenutgitt i En kvart årgang – bladene fra juli-august-september 2007 og i Hall of Fame: Arild Midthun bok 2. 

Kjapt handlingsreferat: Skrue er bortreist, og Donald og nevøane passar pengebinga. Samtidig er Magica på ferde med ein heilt ny tryllestav – ein stav som inneheld seks ulike mektige trylleformlar som raskt set heile Skrues forsvar ut av spel. Snart er det berre ein ting som står mellom Magica og lykketiøringen – hakkespettboka.

Forfattarens kommentarar:

  • Magicas trylleformlar blei til ved at eg søkte etter latinske fraser på nettet som kunne bety sånn cirka det eg ville oppnå med kvar formel. Bortsett frå «Riddiculus», som eg baserte på ein festlig skrivefeil på the Disney Comics Mailing List. (På det tidspunktet kjente eg faktisk ikkje til Harry Potter-formelen «Riddikulus» – eg hadde lest bøkene, men berre på norsk.)
  • Eg meiner å hugsa at det var Sigvald Grøsfjeld jr. som i ein privat e-post foreslo for meg «Hadde det ikkje vore kult med ei historie der Donald og gutane måtte stå opp mot Magica – utan Skrue?»
  • Arild Midthun har uttalt at då han skulle teikna denne historia, brukte han gamle Carl Barks-historier (frå femti- og sekstitalet) som ein mal då han teikna Magica, og då han sendte desse teikningane inn til Egmont fekk han dei i retur med melding om at han ikkje hadde gjort Magica sexy nok. Eg har aldri tenkt over det sjølv, men skjørtet hennes har visst blitt atskillig kortare sidan den gong.
  • Donald nemner «Den sorte ridder» i ei bisetning. Om nokon ikkje kjenner figuren, er det ein gentlemanstyv som har dukka opp i tre Don Rosa-historier, først i «Den sorte ridder» (DD&Co 23-24/1998).

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>