letterpress

Korleis ein gir ut bøker (og kva det koster)


Illustrasjonsfoto: Charcoal Design, stock.xchng

I går kveld delte eg på Facebook at eg er i gong med det som sannsynlegvis blir den siste omskrivinga av Trolløya før ting er klare for å sendast til trykkeriet. Ein av mine Facebook-vener stilte meg då følgjande spørsmål:

Olaf, kan du sende meg en melding om hvordan du gjorde det og hvor mye du måtte ut med?

Dette er så komplisert og samtidig kanskje så interessant for fleire at eg trur at i staden for å sende Tommy ei melding om dette, skriver eg heller eit blogginnlegg. Standarddisclaimer: Eg er ingen ekspert på å gi ut bøker og har utruleg lite erfaring med det, så om eg har gjort noko dumt og du følger råda mine, vil ikkje eg ta ansvar for det. Eg skriver berre korleis eg har gjort ting.

Første trinn: Skriv boka!

Det var iallfall det som var første trinn for meg. Eg hadde ein idé eg hadde lyst til å skrive ei bok om, og så skreiv eg den boka. Sannsynlegvis kunne eg ha gjort meir undersøkingar av marknaden først for å finne ut kva slags bøker målgruppa eigentleg vil ha, men eg valde å hoppe over dette trinnet denne gongen.

Eg har brukt yWriter 5 til å skrive boka mi i. Synest det var ein fin måte å organisere skrivinga på mellom anna, fordi det lot meg planleggja eit outline for historia på ein måte eg tviler på at eg hadde fått til i Word. Og når eg er ferdig med å skrive, er det enkelt å eksportere teksten både til RTF, som eg kan jobbe vidare med i Word, og til eit format som eg kan opne i Calibre for å konvertere dette til e-bøker.

Det første eg gjorde da eg hadde eit ferdig bokmanus eg på det tidspunktet var ganske fornøgd med, var – sjølvsagt – å skrive ut heile greia, putte det i ein konvolutt og sende det til eit forlag. Forlaget gjer ein utruleg stor og viktig jobb, så for meg var det ganske openbart at dersom eg kunne få moglegheit til å få dette utgitt på eit forlag, hadde eg lyst til det. Så eg sendte boka til eit forlag eg hadde fått god kontakt med … og fekk eit avslag tilbake. Eit godt begrunna avslag,1 og til og med ei konsulentutsegn, noko eg har forstått det slik at dei aller færraste får – så eg følte at eg fekk veldig mykje ut av dette. Men like fullt var det altså eit avslag.

Eg er vant til å skrive i ei verd der redaktøren alltid har rett, og eg er vant til å tenkja slik at når ein forlagsredaktør har sagt at noko ikkje er bra nok til å utgis, er det ikkje bra nok til å utgis, så då kan eg like godt leggja frå meg prosjektet og gå vidare til eit anna prosjekt. Men sånn fungerer det tydelegvis ikkje når ein skriver romanar – det var iallfall mange på Twitter som oppfordra meg til å sende til fleire forlag.

Så eg sendte boka til to forlag til,2 og eg fekk to avslag til. Eg kunne ha haldt fram med å sende boka til enno fleire forlag, men eg bestemte meg for å la vera. Eg trur du skal vera svært mentalt sterk for å kunne takle avslag på avslag på avslag, og eg er alt anna enn mentalt sterk.

Så då hadde eg tre val.

  1. Eg kunne gløyma heile bokprosjektet og aldri ta det fram igjen.
  2. Eg kunne leggja ut boka som e-bok så dei som eventuelt hadde lyst til det kunne laste ned boka gratis og lese ho.
  3. Eller … eg kunne prøve å gi ut boka sjølv.

Eg landa på siste alternativ. Først vurderte eg ei rein e-bokutgiving, men … pokker heller, eg kan like gjerne prøve å gjera dette skikkeleg.

Så … her er det som eg så langt har funne ut at må gjerast for å forandre bokmanuset mitt til ei bok.

(Eg har forresten allereie eit registrert firma, ei nettside og lisens på eit fakturaprogram, så det går eg ikkje nærare inn på her – men sånt bør absolutt vera på plass.)

Heftig redigering

Dette er kanskje hovudgrunnen til at eg ville ha eit forlag: Eg er vant til å ha ein redaktør eg kan snakke med, kaste ball med, lage eit bra produkt saman med. Når eg ikkje har det, må eg finne eit alternativ.

Her er bruk av sosiale media ein kjempefordel. Eg prøvde å spørja på Twitter eit par gonger om det var nokon der som kunne tenkja seg å lese gjennom manuset mitt og gi meg tilbakemeldingar på det, og eg trur eg fekk eit titals svar på dei tweetane. Ein ting du bør vera klar over, er at det er eit mindretal av brukarane på Twitter som er profesjonelle manuskonsulentar. Det betyr ikkje at dei ikkje kan gi gode tilbakemeldingar, men det lønner seg å spørja mange, for eit par av menneska som gir deg tilbakemelding kjem til å gi deg dei tilbakemeldingane dei skulle ønskje at dei hadde fått på sine eigne tekstar: Dei kjem til å fokusere på alt det positive og trekke fram alt dei liker, og dersom dei klarer å pirke på eit par småting skriver dei samtidig klart og tydeleg at no føler dei seg veldig fæle som skriver dette. Og i mitt tilfelle var det overhovudet ikkje det eg var på jakt etter: Eg trengte folk som turde å vera ærlege med meg, seie rett ut kva det er som ikkje fungerer slik at eg kan endre på det. Slike tilbakemeldingar har eg òg fått ein del av. Då det er eg som er utgivar, er det uansett eg som er nøydt til å ta beslutningane om kva tilbakemeldingar eg har lyst til å følgja og kva tilbakemeldingar eg har lyst til å ignorere.

Kva kostar dette? Dei aller fleste har gjort dette heilt gratis og med stor glede, og då kostar det ikkje meir enn at eg uoppfordra kjem til å sende kvar av dei eit signert eksemplar av den ferdige boka. Eg fekk òg ei henvendelse frå eit menneske med ekstremt god peiling på bokbransjen og som gjer dette på eit meir profesjonelt nivå, og ho ville gjerne ha litt pengar for dette. Det kostar meg 2000 kr, og det synest eg at er vel anvendte pengar.

Bokomslag

Omslagsillustrasjonen er vanvittig viktig for at boka faktisk skal fange interessa til potensielle kjøparar, så der var det viktig for meg å slå på stortromma. Eg kontakta ein illustratør eg har vore kjempefan av i årevis, og spurte henne om ho var interessert i å lese gjennom boka og lage eit cover for meg. Det ville ho gjerne – men ho hadde ikkje kjempeerfaring med å lage bokomslag, så ho var usikker på kva ho skulle ta betalt for dette. Etter litt googling kom eg over denne artikkelen frå nokre år tilbake der eg fann gjennomsnittsprisen 5500 kr, noko ho syntes var ein bra pris, så då betalte eg det. Og det trur eg er den beste investeringa eg har gjort, for sannsynlegvis kan mange kome til å kjøpe denne boka basert på coveret aleine.

Når det gjeld omslagsdesign, har eg gjort den jobben sjølv. Eg har ikkje Adobe InDesign og har heller ikkje budsjett til å skaffe det, så eg har brukt gratisalternativet Scribus. Scribus har eg laga bøker i tidlegare, og det fungerer meir enn bra nok for mitt bruk. Klarar ein ikkje å gjera dette sjølv, må ein sjølvsagt leie nokon til å gjera det for seg …

ISBN

Alle bøker skal ha eit trettensifra internasjonalt standard boknummer. I Noreg er dette gratis, og fås ved henvendelse til ISBN-kontoret. Merk at du trenger eitt nummer pr ulik utgiving av boka. For Trolløya har eg t.d. bestilt fem ulike ISBN: Paperbackutgåve, epub-utgåve, Kindle-utgåve, PDF-utgåve og HTML-utgåve. Nye opplag skal ikkje ha nytt ISBN.

Skrifttype

Lite ser meir uprofesjonelt ut enn bøker satt i Times New Roman, og eg vil at ting skal sjå så profesjonelt ut som mogleg. I mange bøker står det på kolofonsida kva skrifttype som er brukt i boka, og ofte står det òg kva skriftstorleik og linjeavstand som er brukt. Står det t.d. Sabon 11/15 pt., betyr det at skrifttypen er Sabon, skriftstorleiken er 11pt, og linjeavstanden er 15pt. Eg bladde gjennom ein del bøker (bruk biblioteket!), og fekk inntrykk av at dei mest brukte fontane i norske bøker var Sabon, Cambria og ein sjeldan gong Garamond. Eg bestemte meg til slutt for at eg syntes at Sabon såg best ut, så eg fann ein nettbutikk som solgte fonten (hugs at du òg kanskje trenger å kjøpe feitskrifts- og kursivvarianten), leste grundig gjennom bruksvilkåra for å sjekke at eg faktisk kunne bruke fonten i kommersielle bøker, og kjøpte fonten for 691 kr.

Sats og oppsett

Dette høyrast kanskje usedvanleg uprofesjonelt ut, men: Eg har vald å setja opp boka i Microsoft Word. Ikkje verdas beste program for sånt, men godt nok for mine krav så lenge eg kan stille på margar og linjeavstand, setja inn sidetal og endre på sidestorleiken. Konvertering til PDF gjer eg med CutePDF – det baud på nokre ekstra utfordringar å få CutePDF til å lage sider på 14 x 21 cm, men eg fann ut av korleis eg gjorde det til slutt.

Den norske bokdatabasen

Så då gjenstår kanskje berre trykking? Det ville iallfall eg ha gått ut frå, men det er ein viktig ting det kan vera veldig lurt å gjera: Innmelding i Den norske bokdatabasen. Det gjer at boka di blir tilgjengeleg hos alle bokhandlarar i landet – ikkje i hyllene deira, sjølvsagt, men dersom ein spør i butikken etter ei bok dei ikkje har, bruker dei bokdatabasen til å søke opp boka, og då kan det vera veldig lurt å vera oppført der. Dette er langt frå gratis, men eg så billig at det kan vera verdt det, og det er òg her ein må vera registrert for å få ebøker inn i Bokskya. Eg har vald å registrere kun papirutgåva og epub-utgåva i Bokbasen fordi dei andre ebokformata ikkje er støtta av Bokskya. Så kva blir det? Registreringsavgift for forlaget er 795 kr, registrering av to nye ISBN blir til saman 852 kr, og i tillegg kjem då årlege avgifter på kr (60 + (2 * 12 * 5,15)) = 183,60 kr. Om vi berre reknar med det første året er vi då oppe i 1830,60 kr.

Trykk

Førsteopplag på norske bøker pleier å liggja på 1000-2000 bøker. Det har eg verken råd til eller lagringsplass til, så eg starter med eit langt meir beskjedent førsteopplag på 200 bøker, og så trykker eg heller opp fleire dersom det blir behov for det. Hos Proff digitaltrykk, som eg har brukt ved ei tidlegare anledning og går ut frå at eg kjem til å bruke på denne boka òg, kostar trykk av 200 bøker med 206 sider (kan hende det blir litt fleire eller litt færre i det endelege resultatet mitt, vi får sjå) på Munken 80 g papir 9653,48 kr. I tillegg kjem moms (eg reknar ikkje med den fordi eg får dei pengane tilbake, men er du ikkje momsregistrert må du plusse på 25 %) og frakt (som eg ikkje reknar med fordi eg foreløpig ikkje er sikker på nøyaktig kva det koster – men trykkeriet ligg midt i Oslo, så det kan òg hende at eg henter bøkene sjølv).

Gratiseksemplarer

Store forlag sender sannsynlegvis leseeksemplar til nesten alt som finst av bokhandlarar. Det har ikkje eg økonomi til, så eg må velja ut nokre få, la oss seie 15-20, og kanskje det same antalet anmeldareksemplar. Legg til alle dei eksemplara eg sender til folk som har hjulpe meg med å lage boka, så blir det cirka 50 bøker. For å halde reknestykket enkelt kallar eg ikkje dette ein kostnad, då eg har betalt for bøkene i avsnittet over, men bøkene må sendast, og det koster pengar. Innbiller meg at med b-post vil ei sånn pakke koste 22 kroner, altså til saman 1100 kr. I tillegg har vi katalogeksemplar til bokdatabasen, eit gratiseksemplar til Biblioteksentralen, sju eksemplar til Nasjonalbiblioteket, tre eksemplar til kulturrådet (sjå under) … men for enkelheits skuld, la oss seie femti bøker totalt.

Påmelding innkjøpsordning

Dette er eit sjansespel, og sjansen er stor for at eg ikkje skriver bra nok, men eg kjem aldri til å tilgi meg sjølv om eg ikkje prøver. Kulturrådet administrerer fleire innkjøpsordninger for norsk litteratur. Poenget med dette er å sikre forlaga eit minstesal for å gjera det mogleg å auke førsteopplaga og gjera det enklare å gi ut bøker som ikkje er så kommersielle at dei klarer seg på marknaden. For skjønnlitteratur for barn og vaksne betyr det at kulturrådet kjøper inn 1000 eksemplar av vaksenbøker og 1550 eksemplar av barnebøker, og desse to ordningane skal dessutan kjøpe inn alt av bøker som held god nok kvalitet (i motsetning til andre ordningar, t.d. innkjøpsordninga for teikneseriar, som berre kjøper inn eit visst antal i året). Dei innkjøpte bøkene blir sendt ut til norske bibliotek. Her er det openbart ein kjempefordel å melde seg på for vurdering. Men: Denne ordninga er gratis berre for forlag som er medlemer av anten Den norske forleggerforening eller Norsk forleggersamband. Eg er ikkje med nokre av stadane, og då må eg betale eit vurderingsgebyr på 6000 kr for å kunne bli vurdert (8000 kr for vaksenbøker, men eg har skrive ei ungdomsbok, og det er litt billigare). Dei pengane får eg tilbake dersom boka blir innkjøpt, men fordi eg har så dårleg sjølvtillit at eg er usikker på om boka har ein sjanse til å bli kjøpt inn, kan vi godt føre opp dette i utgiftskolonna.

Boklansering

Eg er i dialog med ein bokhandel i Oslo om korvidt eg kan få ha boklansering der, og isåfall blir det gratis – med unntak av at eg bør kjøpe inn litt snacks og drikke (veldig usikker på pris der, la oss seie 1000 kr for å ha eit rundt tal). Svarar dei nei, kan eg spørja eit par andre stadar, og finn eg ikkje noko gratis, vurderer eg å leie ein sal på Litteraturhuset, som koster fra 1500 kr. Men helst vil eg altså prøve å få gjort dette gratis.

Marknadsføring

Eg kjem til å gi gratis e-bokutgåve til absolutt alle bokbloggarar som spør om det, og håper å få litt PR på den måten. Men litt pengar må eg sannsynlegvis uansett bruke på annonser. Mistenker at Facebook-annonser kan vera vegen å gå, men kor lenge og kor heftig har eg ikkje bestemt meg for enno. Men la oss, for å ha eit pent og rundt tal, gå ut frå at dette kjem til å koste 5000 kr.

E-boksal

I tillegg til å selja bøker gjennom bokhandlarar, kjem eg til å, som alle andre forlag, prøve å ha ei slags enkel nettbutikkløysing på eigne nettsider. Papirbøker er enkelt, der set eg berre opp eit e-postskjema i WordPress slik at eg får alle bestillingane rett inn på mailen min, og så legg eg berre faktura ved boka når eg sender ho. For e-bøker er det litt meir komplisert. Eg treng ei løysing der folk kan betale umiddelbart, t.d. med Paypal, og med ein gong dei har betalt få tilgong til å laste ned eboka i det formatet dei måtte ønskje. Hadde eg trengt nokon til å utvikle dette for meg, kunne det nok ha blitt kostbart, men eg kjem til å prøve å scripte dette på eiga hand. Og isåfall blir det òg i mitt tilfelle gratis.

Summering

Legg ein saman alle tala eg har ramsa opp i denne artikkelen, som blei ganske mykje lengre enn eg hadde trudd, kjem vi til 32 775,08 kr. Det er alltid noko ein gløymer når ein skal skrive sånne artiklar òg så la oss seie 35 000 kr – og det er før eg har solgt ei einaste bok.

Og når det gjeld å selja bøker: Hugs at dei fleste bokhandlarar forventer å få kjøpe bøkene dine med 40 % rabatt og fri frakt, så ta hensyn til det når du set prisen på boka.

Om eg ikkje anten blir innkjøpt av kulturrådet eller er absurd heldig med boksalet og må trykke opp både to og tre opplag, seier det seg sjølv at dette er noko eg kjem til å tape pengar på. Og det er greitt for meg. Det er eit val eg har tatt, at eg gjer dette for moro skuld og difor ikkje har problemer med å bruke litt pengar på det. Er det eit problem for deg å gå i minus, er det nok ein dårleg idé å gi ut bøker i det heile tatt.

Men for alt eg veit kan det godt hende at salet blir ekstremt bra òg. Det vil berre tida vise. Eg lover å halde dykk oppdatert.

  1. Dei følte at boka sprika litt og henvendte seg til to ulike målgrupper, noko eg kan forstå at er eit problem og som difor er ein av tinga eg jobbar med å skrive om no. [back]
  2. Ikkje samtidig, det synest eg hadde vore ufint mot dei. [back]

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>