hewie

Ole, Dole og Doffen: «The importance of being Hewie»


Teikning: © DISNEY (teikna av Daniel Pérez, frå Donald Duck & Co 14/2010)

Manus: Olaf Moriarty Solstrand

Teikna av: Daniel Pérez

Lengde: 9 sider

Manus levert: Desember 2007

Først utgitt: 6. april 2010

Norsk publikasjon: Utgitt med tittelen «Stjernenykker» i Donald Duck & Co 14/2010. 

Kjapt handlingsreferat: Ole, Dole og Doffen blir oppdaga av ein TV-produsent som vil ha dei til å spele ei rolle i ein ny serie – og fordi det ikkje er så populært å caste trillingar i same rolle, må dei late som om dei er same person. Dette er ein stor suksess, heilt til sjalusien plutseleg slår inn…

Forfattarens kommentarar:

  • Dersom du er omtrent på min alder har du allereie skjønt at plottet med trillingstjerner i same rolle er laust basert på røyndas Mary Kate og Ashley Olsen – eller, som eg trudde dei heitte, Mary Kate Ashley Olsen.
  • Og tittelen har eg sjølvsagt rappa frå Oscar Wildes The Importance of Being Earnest.
  • Sannsynlegvis eit av mine aller svakaste manus – om ikkje det svakaste.

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>