Om meg


Eg heiter Olaf Moriarty Solstrand, er født i 1982 og bur i Ski i Akershus, der eg jobbar som spesialbibliotekar ved Ski bibliotek. Det er ein ørliten sjanse for at du kanskje kjenner meg som teikneserieforfattar, då eg har skrive manus til over 50 Donald Duck-historier sidan 2001.

Eg er veldig opptatt av teikneseriar, og ønskjer difor både at Noreg skal ha eit så godt som mogleg miljø for at oppvaksande teikneserieskaparar skal kunne blomstre og bli store, og at teikneseriemediet skal halde fram med å utvikle seg og bli brukt for alt det er verdt. Difor oppretta eg den opne teikneserieportalen Nettserier.no i 2006, og sidan november 2012 har eg vore dagleg leiar og styremedlem i Comicopia AS. Sidan mai 2013 har eg vore fast bidragsytar til Seriebloggen. I 2010 blei eg tildelt Raptusprisen.

Interessa for å skrive gjorde òg at eg i februar 2013 utgav ungdomsboka Trolløya : eit godnatteventyr. På desse sidene kan du laste ned boka gratis som e-bok (i epub-, Kindle- eller PDF-format) – boka blei òg utgitt som papirbok, men papirutgåva er ikkje i sal lenger.

Eg er ikkje 100 % sikker på korleis eg vil bruke desse nettsidene framover, så det får tida vise.