charity-of-a-madman

Onkel Skrue: «Charity of a madman»


Teikning: © DISNEY (teikna av Cèsar Ferioli Pelaez, frå Donald Duck & Co 18/2010)

Manus: Olaf Moriarty Solstrand

Teikna av: Cèsar Ferioli Pelaez

Lengde: 12 sider

Manus levert: 2007

Først utgitt: 14. april 2010

Norsk publikasjon: Utgitt med tittelen «Giverglede» i Donald Duck & Co 18/2010. 

Kjapt handlingsreferat: Magica klarer å forhekse Skrue slik at han blir usedvanleg gavmild, i tillegg til at han byrjar å sløse pengar på absolutt alt. Planen er at han skal gi henne lykketiøringen – problemet, både for Magica og for Donald og nevøane som forsøker å hindre Skrue i å gi bort alt han eiger, oppstår når det viser seg at han allereie har gitt bort lykketiøringen til nokre andre.

Forfattarens kommentarar:

  • Dette er ein av dei historiene det var ein fryd å skrive og som det framleis er ein fryd å lese – eg klarte å putte inn ei rekke små detaljar som tilsynelatande er heilt ubetydelege, men som viser seg å spele ei større rolle seinare i historia. Skrues nye fly og hundegodteriet med postmannsmak er døme på dette.
  • Dette er òg ei historie eg er veldig fornøgd med dialogen i, kanskje særleg når Skrue tilbyr seg å kjøpe alt frå ponniar til Bolivia. Og om du lurte: Ja, pengeinnsamlaren som prøver å få Snehvit omsett til nynorsk prøvde å få Snehvit omsett til nynorsk i mitt engelske originalmanus òg.
  • Bydelen Pengelens kjem frå Carl Barks-historia «Jul i Pengelens».
  • Den sentimentale slutten på historia var nok noko inspirert av (eg hugsar ikkje om det var medvitent eller undermedvitent) slutten på Don Rosas «Kong Skrue av Skruerike».
  • Ideen til denne historia fekk eg frå kamerat Arne Bye, då eg ein dag på spøk foreslo at han burde skrive Donald-manus og han svarte sarkastisk noko sånt som ««Men onkel Skrue, hvorfor har du kjøpt bobleplast for alle pengene dine?» «For å svømme i den, grave meg ned i den som en sel og kaste den opp over hodet mitt og la den regne ned over meg!'» Då berre måtte eg gjera noko for å putte Skrue i ein sinnstilstand der den replikken var realistisk.
  • Tittelen på historia er eit ordspel på Ozzy Osbourne-albumet «Diary of a madman», som eg ærleg talt må innrømme at eg berre kjenner til fordi teikneserieskaparen Tomte ein gong brukte det som tittel på bloggen sin.

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>