deja-vu

Onkel Skrue: «Déjà vu»


Teikning: © DISNEY (teikna av Luis Podavin, frå Donald Duck & Co 32/2009)

Manus: Olaf Moriarty Solstrand

Teikna av: Luis Podavin

Lengde: 12 sider

Manus levert: 2002

Først utgitt: 6. mai 2009

Norsk publikasjon: Utgitt med tittelen «Déjà vu» i Donald Duck & Co 32/2009. 

Kjapt handlingsreferat: Skrue misliker at han byrjar å bli gamal og skrøpeleg, så då han oppdagar at Petter Smart jobbar med ein eliksir som kan gjera folk yngre, hoppar han på sjansen til å vera prøvekanin. Og han blir yngre, men samtidig gløymer han absolutt alt som har skjedd sidan han var ung! Kan Skrue klare å styre eit finansimperium utan den verdifulle erfaringa han har opparbeida seg?

Forfattarens kommentarar:

  • Ikkje ei veldig research-tung historie, men litt bakomkunnskap om Skrues liv hadde eg med inn i historia. Skrue trur at han er i Klondike, han nemner Sleipe-Simon, og han har ikkje lært å symja i pengar enno.
  • Eg hater å kome opp med kreative namn. I dette tilfellet bestemte eg meg for å ty til eit par diskusjonsforum på nettet for å få hjelp til å finne på eit namn til Petter Smarts mikstur. Det var brukaren AlphonseCapone på Fantonald.com-forumet som foreslo «tachionetic reverse propotional elixir» (eit namn du uansett aldri får sjå, ettersom historia ikkje er utgitt på originalspråket).

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>