Skann_20140822 (4)

Onkel Skrue: «Scrooge vs. Scrooge»


Teikning: © DISNEY (teikna av Arild Midthun, frå Donald Duck & Co 28/2010)

Manus: Olaf Moriarty Solstrand

Teikna av: Arild Midthun

Lengde: 17 sider

Manus levert: 2006

Først utgitt: 9. september 2009

Norsk publikasjon: Utgitt med tittelen «Skrue mot Skrue» i Donald Duck & Co 28-29/2010. Gjenutgitt i Hall of Fame: Arild Midthun bok 3.

Kjapt handlingsreferat: Donald er hekta på dataspel, og våger å påstå at dataspel er meir interessante enn historiene til Skrue – ikkje fordi storyen nødvendigvis er betre, men fordi han får oppleve ting sjølv, i førarsetet for spelet. Skrue lar seg inspirere til å å lage eit dataspel basert på livet sitt. Spelet blir ein stor suksess, og Donald elskar det – så høgt at han er sikker på at han kan slå kven som helst i det, sjølv Skrue! Duellen er i gong!

Forfattarens kommentarar:

  • Referansetung historie der fleire ruter er tatt rett ut av Carl Barks- og Don Rosa-historier. Klondike-brettet er sterkt basert på «Siste hundeslede til Dawson» og «Skrues liv» del 8 med ei ikonisk rute kopiert rett frå «Den lure onkel Skrue», og Sleipe-Simons lånesjappe kjem frå «Gøy i Alaska». Afrika-brettet baserte eg på at det i «Onkel Skrue i pengegaloppen» kjem fram at Skrue eiger diamantgruva Star of the World. I tillegg nemnar Skrue Skumlerud-familien («Spøkelsestog-mysteriet») og at han tar medisin mot dårleg minne («Tilbake til Klondike»).
  • Til dags dato (august 2014) er dette den lengste historia eg har skrive (17 sider), og den einaste historia i meir enn ein del eg har skrive som faktisk har blitt teikna.
  • Dataspeltittelen «The life and times of Scrooge McDuck» har eg sjølvsagt rappa frå Don Rosas serie med same namn. Og den dagen nokon faktisk lager eit dataspel basert på Skrues liv, kjøper eg det umiddelbart!
  • Butikken Ole, Dole og Doffen passerer heiter «Ctrl-Alt-Delete». Dette var ein referanse til eit teikneserieprosjekt eg starta på saman med Arne Bye tidleg på 2000-talet som det aldri blei noko av. Ingen samanheng med Tim Buckley-serien i det heile tatt.
  • Eg er ærleg talt ingen stor fan av VR-teknologi. Men det var sannsynlegvis den einaste måten eg kunne klare å få lov til å lage ei 17 siders Donald-historie der majoriteten av historia handlar om at hovudpersonane speler eit dataspel.

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>