terror-of-the-tabloids

Onkel Skrue: «Terror of the tabloids»


Teikning: © DISNEY (teikna av Francisco Rodriguez Peinado, frå Donald Duck & Co 46/2011)

Manus: Olaf Moriarty Solstrand

Teikna av: Francisco Rodriguez Peinado

Lengde: 12 sider

Manus levert: September 2007

Først utgitt: 15. november 2011

Norsk publikasjon: Utgitt med tittelen «Tabloid trussel» i Donald Duck & Co 46/2011. 

Kjapt handlingsreferat: Skrues omdømme står på spel når tabloidene plutseleg byrjar å skrive om at rikdomen hans berre er ein bløff, at han ikkje er så rik som han skal ha det til, og at pengebinga er tilnærma lik tom. Når forbrukarane mistar respekta for Skrue og slutter å gå i butikkane hans, må han gjera noko for å bevise at dette ikkje stemmer – samtidig som han må finne ut kva grunnen er til at avisene plutseleg spreier løgner om han.

Forfattarens kommentarar:

  • I denne historia fekk eg lov til å bruke Terry LaBans figur Slu Endresen som skurk. Eg synest at forkledningseksperten er ein heilt fantastisk figur, og følte at dette var eit plot som passa veldig godt til figuren.
  • Då eg gav denne historia ein tittel i 2007, hadde eg Don Rosas tittel på Skrues liv del 6, «Terror of the Transvaal», i bakhovudet. Eg la merke til at i den norske utgivinga hadde historia tittelen «Tabloid trussel» – men i innhaldsforteikninga står ho lista som «Tabloid terror». Dette var hausten 2011, rett etter terrorhandlingane på Utøya, så eg mistenker at norsk Egmont først hadde tenkt å bruke tittelen «Tabloid terror», men at dei fekk endra dette over sjølve historia i siste liten. Og det takkar eg dei på det sterkaste for at dei gjorde.
  • Dette var enno ei av dei historiene der eg følte at ting hang veldig godt saman, og at små hint tidleg i historia som tilsynelatande var ubetydelege fekk ei stor rolle seinare.
  • Journalisten Andy Griever er oppkalla etter journalist Anders Giæver, som har skrive den fantastiske donaldistiske boka Jakten på onkel Walt.
  • Bilfabrikanten Umbraco fekk namn etter den logiske tankerekka «Bilfabrikant, eg kallar han opp etter det første mennesket som klarte å overtyde meg om at eg bør sjå filmen Biler, det var Mats Rune Gullikstad, hmm, det blir vrient å anglifisere, men han lager ein fantastisk teikneserie som heiter Umbraco, det kan eg bruke».
  • Sjøkapteinen Captain Haddings» namn er sjølvsagt ei samanslåing av dei litterære kapteinane Haddock og Hastings – eg tør ikkje tenkja på kor langt og samansatt namnet hadde vore om eg hadde kjent til kaptein Jack Harkness den gongen.

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>