sellout-santa

Onkel Skrue: «The sell-out Santa»


Teikning: © DISNEY (teikna av Arild Midthun, frå Donald Duck & Co 52/2008)

Manus: Olaf Moriarty Solstrand

Teikna av: Arild Midthun

Lengde: 12 sider

Manus levert: 2007

Først utgitt: 16. desember 2008

Norsk publikasjon: Utgitt med tittelen «Nisse til salgs» i Donald Duck & Co 52/2008. Gjenutgitt i En kvart årgang: bladene fra oktober-november-desember 2008 og i Hall of Fame: Arild Midthun. 

Kjapt handlingsreferat: Kvart år er det ein stor marknadsføringskrig mellom Skrue og Gulbrand Gråstein om kven som klarer å selja mest leiker til jul. Når Gråstein hevder at hans leiker er laga av sjølvaste Julenissen, prøver Skrue å gjennomskue bløffen hans – alle veit jo at Julenissen ikkje finst – men Gråsteins julenisse verkar meir og meir ekte, og Skrue mister meir popularitet blant verdas born jo meir energi han bruker på å prøve å bevise at Julenissen ikkje finst…

Forfattarens kommentarar:

  • Eg er såpass kynisk at eg er litt skeptisk til å seie rett ut i ein teikneserie «Julenissen eksisterer!» Men samtidig føler eg at eg ikkje kan seie det motsatte i ei Donald-historie heller. Min tanke med denne historia var difor at det aldri skulle kome 100 % sikkert fram om julenissen finst eller ikkje. Eg skreiv inn ein figur som kanskje var julenissen i forkledning, men det blei aldri sagt konkret 100 % sikkert, så til slutt ville det vera opp til lesaren å finne ut av kva som eigentleg skjedde i historia. Vel, iallfall til Arild Midthun teikna inn ein flygande julenisse i bakgrunnen i siste rute. Han er openbart mindre kynisk enn meg.
  • Apropos Arild Midthun, trur eg dette var den historia der det gjekk opp for meg kor fantastisk rå han er til å putte inn realistiske detaljar i historiene han teiknar. Skrues snøkuler med motiver frå sitt barndoms Glasgow er eit veldig godt døme på det, detaljnivået her er så fantastisk at det er til å grine av. På eit tidspunkt i historie syntes tydelegvis òg Arild at det blei kjedeleg å skulle teikna ein heilt gjennomsnittleg folkemengde, så han teikna inn Pondus, Påsan og Mads Eriksen der!
  • Namnet til skodespelaren Mark Stein var eit nikk til Donald-forfattar og Toonopedia-vevmeister Don Markstein, som var autorisert julenisse.
  • Som alle andre som vaks opp med Åpen post på NRK har eg ein spesiell kjærleik for Baltikum, noko eg lot kome fram i denne historia ved å la Julenissen briljere med sin kunnskap om baltisk geografi og språk.

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>