Ofte stilte spørsmål


Dersom du lurer på noko som helst om Trolløya, spør meg, så skal eg prøve å få lagt ut svaret her.

Kven passar denne boka for?

Hovudmålgruppa for boka er born og ungdom sånn omtrent i alderen 10-15 år, og eg trur at boka bør fungere like godt for både gutar og jenter. Når det er sagt har så godt som alle testlesarane mine vore eldre enn det, og mange av dei har likt boka, så det kan jo hende at boka kan slå an hos vaksne òg. Ikkje godt å seie.

Er boka både på bokmål og nynorsk? Kva er greia?

Annakvart kapittel er på nynorsk, annakvart kapittel er på bokmål. Grunnen til dette er at boka har to forteljarar, og det med å bruke to ulike målformer var ein av tinga som eg følte at understreka dette veldig godt.

Korleis går ein fram for å gi ut ei bok på eiga hand, og kva kostar det?

Det er eit komplisert spørsmål, og min måte å gjera det på er ikkje nødvendigvis den rette. Men eg har forsøkt å skrive eit blogginnlegg om temaet.