Femte kapittel: Overleving


Trolløya : eit godnatteventyr (HTML-utgåve, ISBN 978-82-998751-4-1)

Re: SV: Re: SV: Re: SV: Re: Trolløya

Eva Anette Sivertsen EvaAnette.Sivertsen@smil-forsikring.no

Til: «Jørgen Sunde» <harryklein1982@dimensionalsymphony.com>

> Du skulle ha sett Ylva i går kveld. Jeg trengte ikke en gang å be henne

> om å legge seg – hun var klar for senga klokka halv ni, bare for at vi

> skulle ha mer tid til å lese eventyr :-) Har jeg nevnt hvor genial du er som

> kom på dette med Trolløya?

Imponerande! Eg kan ikkje hugsa sist ho gjorde det. Det er tydeleg at vi har gjort noko riktig her. (Og når eg seier «vi» meiner eg nettopp det, for dette er ikkje noko eg har fått til aleine, du har like mykje ære for dette som eg har. Det hadde vore ei heilt anna historie om eg hadde vore nøydt til å fortelja ho aleine.)

Eg trur Ylva trenger dette. Ho har hatt det vanskeleg på skolen i det siste, men det verkar faktisk som om det har gått litt betre med henne dei siste dagane.

> ikke var et dyrehi likevel, men en luftekanal, og at de hadde havnet midt i

> trollhulen.

Wow. Seriøst? *Det* gir du meg som ein cliffhanger eg må byggja vidare på? Digg. Eg tar utfordringa!

Men du, det var ein ting eg lurte på. No byrjar det å bli ganske mykje å halde styr på i dette eventyret … hadde det vore greitt om eg ringte deg? Eg har nokre tankar om kva som skal skje vidare, men … det hadde vore greitt å diskutere dei med deg først. Passar det for deg i totida?

Med hilsen

Eva Anette Sivertsen

kunderådgiver

Smil Forsikring AS

Kim Sollis gate 6, 1400 Ski

EvaAnette.Sivertsen@smil-forsikring.no

http://www.smil-forsikring.no

P Tenk på miljøet før du skriver ut denne e-posten

* * *

Gunhild såg seg omkring. Det kunne dukke opp fleire troll når som helst, og det var òg ein risiko for at dei sovande trolla kunne vakne, så her kunne dei ikkje bli. Aller helst ville ho berre finne ein veg ut derfrå – men korleis? Luftekanalen dei hadde kome inn gjennom var alt for høgt oppe på holeveggen til at dei klarte å klatre dit, så den einaste måten å kome seg ut på var sannsynlegvis gjennom hovudinngangen. Og den utgangen var ikkje berre høgst truleg under vakthald – han var langt oppe i fjellet, og dei var under jorda no. Det måtte tyde at tunnelen trolla hadde konstruert for å kome seg opp til utgangen kravde mykje klatring og var noko sånt som ein halv kilometer lang, avhengig av kor bratt han var – noko som gjorde at sjansane for at dei ikkje skulle møte troll i tunnelen var svært låge. Ho kasta blikket rundt i hola og prøvde å orientere seg og sortere det ho såg så raskt som menneskeleg mogleg. Utgangen. Uaktuell. Romskipet. Sannsynlegvis for langt unna til å kome seg inn i før eit troll vakna. Fire senger der det sov troll av ulike storleikar. Faklar på fleire av veggane som var den einaste lyskjelda i hola. Ein slags bålplass ved utgangen. Tre … nei, fire luftekanalar, men alle så langt oppe at det ikkje gjekk an å kome ut der. Åtte steinkrakkar å sitja på. Ei vegghylle som var halvfull av mat. Veggane. Sjølvsagt. Veggane. Det meste av hola var naturleg, så veggane hadde sprekker og lommer det burde gå an å gøyme seg bort i, og heldigvis fekk Gunhild auge på ei slik lomme like før ho høyrde lyden av troll som kom ned gjennom tunnelen. «Den vegen!» kviskra ho til Kirabo og sprang mot veggen lengst frå inngangen. Like før to troll kom spaserande inn i hola, hadde både Gunhild, Kirabo og RJ klart å kome seg ut av synsfeltet deira. Det låg eit gamalt saueskinn på golvet der, og Gunhild trakk det til seg og la det over seg sjølv og Kirabo for å bli enno litt meir usynleg for trolla.

Gunhild kasta eit blikk på Kirabo, og deretter på seg sjølv. Dei var begge dekte av søle, sand og støv etter å først ha kravla gjennom skogen og deretter gjennom luftekanalen. Det var heldigvis ein god ting – jo meir søle dei hadde på kroppen, jo vanskelegare ville det vera for trolla å kjenne lukta av dei. Det var uansett berre eit tidsspørsmål før dei blei oppdaga, men no verka heldigvis trolla opptatt med å grynte og brøle seg imellom, og Gunhild fekk nesten vondt i hovudet av å høyra på dei.

«Gunhild?» kom det lågt frå RJ. Gunhild snudde hovudet forventningsfullt mot han og håpa at han hadde noko interessant å seie, og at han ikkje berre hadde tenkt å kome med eit vittig ordspel. RJ måtte forhåpentlegvis skjøne kor upassande det ville vera i denne situasjonen.

«Kva?» kviskra ho.

«Vil du at eg skal omsetja kva dei seier?»

Gunhild slo opp auga og prøvde å ikkje rope sjokkert. «Seier? Meiner du … at lydane trolla lager er eit språk

«Ja. Og translatøren min klarer å omsetja det. Vent litt …» Ei lita luke på framsida av RJ opna seg, og eit par dingsar som Gunhild syntes at likna mest på rosiner falt ut, festa i kvar si snor. Kirabo tok automatisk ein av rosinene og putta den i øret.

«Putt ein øyreplugg i øyret,» sa RJ, «så kan eg omsetja for deg utan å snakke høgt.» Gunhild skjønte ikkje korleis desse tinga fungerte, men putta den andre rosina i øyret og kunne deretter høyra klokkeklart RJs omsetjing av kva trolla sa.

«Eg er sikker på at det er noko som føregår her,» brølte det største av trollet, som såg ut til å vera det same trollet som dei hadde sett på sørsida av øya berre eit kvarter tidlegare.

«Sjølvsagt føregår det noko her,» sa det andre trollet. Gunhild svelga. Dette var hunntrollet som hadde stole ametystkrona, det var ho sikker på. Ho kasta eit blikk på Kirabo, og ho såg gjenkjenning i auga hans òg. Det var dette trollet han og RJ hadde møtt på stranda morgonen før.

«Vel, eg skjøner ikkje kvifor vi skal finne oss i dette lenger,» svarte det største trollet. «Vi har båtar. Vi har våpen. Det er på tide at vi gjer det vi skulle ha gjort for eit tiår sidan og invaderer menneskebyen.» Gunhild skvatt.

«Du er dum nok til å foreslå noko sånt, Granitt,» sukka det andre trollet. «Eg skulle ønskje at du i det minste var intelligent nok til å forstå kvifor det er ein heilt idiotisk plan.»

«Kva er det som er så idiotisk med å slåss?» grynta det trollet som openbart heitte Granitt.

«Kor mange gonger må eg seie det?» brølte det andre. «Nitti prosent av det å vinne ein kamp handlar om å vite når oddsen er på di side, og om å velja kampane dine etter det.»

«Kanskje eg føler at oddsen er på vår side, Kvarts,» svarte Granitt. «Det er mange menneske i byen, men dei fleste av dei er dvaske amatørar som aldri har teke i eit sverd. Det einaste vi treng å vera redde for er riddarhæren, som kanskje består av hundre riddarar, men eg kan love deg at dersom vi angrip om natta og alle åtte av oss klarer å drepe seks–sju menneske kvar i løpet av den første tima, kjem resten av dei til å leggja på flukt. Prins Sigurd vil vera tvunge til å overgi seg, og kongeriket vil vera vårt. Er du klar over kor mange tusen geiter dei har på fastlandet?»

Gunhild lukka auga og gjorde så godt ho kunne for å ikkje skrike eller kaste opp. Ho hadde ikkje eit veldig nært forhold til så mange av dei andre soldatane, men tanken på å skulle sjå dei bli slakta av troll var likevel så forferdeleg at det tok veldig mykje av styrken hennes å ikkje bryte ut i gråt. Ho følte seg kvalm nedover heile ryggraden. Og ho visste at Granitt hadde rett: Den kongelege hæren ville ikkje vera ei utfordring for eit nattleg angrep frå ein så stor trollstamme. Det var ikkje noko dei på nokon måte var førebudde på heller, ettersom det berre var to dagar sidan dei første gong hadde skjønt at troll var intelligente nok til å samarbeide.

«Ok, la oss seie at vi gjer det,» svarte Kvarts hånleg. «Vi invaderer byen, dreper dei tøffaste riddarane og jagar ut resten. Resten av menneska kan vi kaste ut, drepe, bruke som slavar eller torturere for underhaldning, og vi kan ete så mange geiter vi vil. Har du tenkt på kva som skjer etter det?»

Granitt rynka panna. «Kva?»

«Menneska kjem til å alliere seg. Dei kjem til å samle riddarar frå alle dei omkringliggjande kongerika. Ryktet om at troll har angripe ein menneskeby kjem til å spreie seg som eld i tørt gras raskare enn den raskaste hestekjerra du kan tenkja deg. I løpet av eit par dagar har ordet nådd heilt til Soria Moria, som har tusenvis av riddarar. Kva trur du skjer når alle dei riddarane samlar seg og rir inn i byen når sola står på sitt høgaste?»

«Øh …»

«Dei kjem til å tilintetgjera oss.»

Granitt mumla irritert. «Men så lenge det er snakk om å stele ei ametystkrone, er det greitt?»

«Du veit utmerka godt at det er noko heilt anna,» brølte Kvarts tilbake. «Du veit svært godt at det var ein kalkulert risiko, og at vi trenger den krona. Og du veit òg utmerka godt at sjølv om det var eg som la planen for korleis vi skulle få tak i den krona, var det høvdingens idé. Har du eit problem med det, kan du ta det opp med han.»

«Og eg kjem til å bli veldig overraska om høvdingen tek ditt parti,» knurra Granitt ironisk. «Dette orkar eg ikkje meir av akkurat no. Eg går ut på jakt. Eg er sikker på at eg kjente lukta av menneskeblod då eg sanka ved, og om det er eit menneske på denne øya, skal eg finne det.»

Granitt gjekk ut i tunnelen og byrja å klatre opp mot utgangen, medan Kvarts gjekk bort til romskipet og byrja å undersøke det. Gunhild sveitta under det varme saueskinnet, og kjente at ho hadde gåsehud over heile kroppen. Ikkje berre fordi ho sat midt i trollhula utan nokon måte å kome seg ut på, og heller ikkje berre fordi ho hadde blitt så veldig overraska over kor avansert språk desse trolla eigentleg hadde, men òg fordi ho ikkje ante kva planen til desse trolla eigentleg var. Ho hadde ikkje tatt seg tid til å tenkja over kvifor dei hadde stole ametystkrona. No sa Kvarts at dei trengte krona? Kva trengte dei ho til? Ho skvatt nesten då det gjekk opp for ho at kanskje planen deira heile tida hadde vore å lokke general Espenson til å sende eit menneske til Trolløya, få dette mennesket innesperra i ein situasjon der ein ikkje hadde ein sjanse til å sleppe unna, og håpe at Espenson ville sende enno fleire menneske når det første mennesket aldri kom tilbake. Om det var planen … hadde dei allereie lukkast.

* * *

Kirabo kasta eit blikk bort på Gunhild. Hadde det ikkje vore for faren for å bli oppdaga, skulle han ha prøvd å seie nok til henne, for sjølv om ho hadde eit ansikt av stål var det ikkje tvil om at det måtte ha vore vanskeleg for Gunhild å høyra på den samtalen der. Ein ting var risikoen for å bli drepe sjølv, men den potensielle moglegheita for at alle innbyggjarane i ein heil by skulle bli slakta ned var ein så absurd situasjon at han ikkje eingong klarte å sjå det for seg. Det var tydeleg at Gunhild klarte å sjå det for seg, og at det var ein veldig vond tanke. Kirabo merka at akkurat no var det ingenting han hadde meir lyst til enn å trekkja Gunhild inntil seg og gi henne ein klem. Og hadde det ikkje vore for at det garantert ville trekkje til seg merksemda til trollet som no studerte romskipet hans, ville han ha gjort det.

Han titta ut gjennom eit tynnslitt hol i det møllspiste saueskinnet. Trollet som heitte Kvarts var openbart veldig interessert i romskipet. Ho undersøkte understellet, ho undersøkte vindauget, ho undersøkte jetmotorane og spesielt undersøkte ho døra. Kirabo pusta letta ut over at ho i det minste såg ut til å undersøke romskipet forsiktig i staden for å berre slå og banke på romskipet. Det kunne sjå ut som om eit troll hadde prøvd å knuse kontrollromsvindauget, men det var laga for å kunne tåle sjølv trykket frå atmosfæra på Zai-He-Zai, og trolla hadde difor ikkje klart å lage meir enn ein liten bulk i glaset. Skipet var like heilt. Men kvifor stod det her? Kvifor var desse trolla så interesserte i romskipet hans at dei hadde orka å bære det med seg heile vegen ned til denne hola? Det kunne ikkje ha vore enkelt.

Kirabo skvatt då det plutseleg byrja å røre seg i ei av dei store sengene som stod plassert rundt omkring i rommet, og det største trollet han nokon gong hadde sett reiste seg, søvnig. Det var større enn alle dei trolla han hadde sett utanfor kvelden før, og det var større enn alle dei andre trolla som låg her og sov. Han grøssa ved tanken på å måtte slåss mot dette trollet – det var nesten tre gonger så stort som Gunhild. Trollet gjespa groggy, børsta nokre matsmular ut frå det lange grøne skjegget, og kasta eit blikk bort på Kvarts.

«Du held framleis på med den greia der?» sa han til Kvarts. Kvarts, som sat på kne ved romskipet, snudde seg og nikka.

«Eg skjøner framleis ikkje kvifor den dingsen er så interessant,» sa det store trollet, «men eg stoler på dømmekrafta di når du seier at han er viktig.»

«Du såg ikkje kva eg såg i går,» svarte Kvarts. «Du såg ikkje den blå mannen på stranda.»

Kirabo slo opp auga i sjokk. I augekroken såg han at Gunhild såg bort på han. Det var utan tvil han som var den blå mannen Kvarts snakka om.

«Eg trur han forsøkte å kommunisere med meg,» haldt Kvarts fram. «Eg aner ikkje kven han var eller kor han kom frå, men han hadde ein slags gjenstand som var så avansert at vi berre kan drøyma om det. Eg veit ikkje om det er magi eller kva det er for noko, men dette er heftig.»

«Du trur at denne dingsen tilhøyrar den mannen?» Det store trollet nikka.

«Eg ser inga anna forklaring. Noko så stort dukkar opp frå ingen stadar berre eit kort stykke frå der eg møtte han? Noko som ikkje berre er svært, men heilt annleis frå alle maskinar og gjenstandar vi har sett tidlegare? Ja, denne tilhøyrar han.»

«Eg skjøner framleis ikkje kvifor denne mannen var så interessant at du må bruke all di vakne tid på å undersøke tinga hans.»

«Er det ikkje openbart? Når dei klarer å lage gjenstandar som dette, er det tydeleg at folkeslaget hans er store krigarar. Om vi klarer å få han over på vår side, eller vi klarer å lære oss korleis desse tinga fungerer på eiga hand, vil vi ha ein kjempefordel dersom vi ein dag må invadere menneskebyen.»

Det store trollet rynka på augebryna. «Eg trudde vi var einige om at å invadere menneskebyen var ein dårleg idé.»

«Det er ein elendig idé,» svarte Kvarts. «Men det er det Granitt vil. Og han har mange argument for at vi burde gjera det. Vi kan le av det i dag. Vi kan le av det i morgon. Men kva med om eitt år? Om fem år? Granitt kjem ikkje til å slutte å snakke om det. Det er ikkje utenkjeleg at han ein dag klarer å overtyde fleirtalet av dei andre om at han har rett. Du veit veldig godt at dersom halve stammen bestemmer seg for å dra inn til fastlandet for å slakte riddarhæren, må vi vera samla, same kor dårleg den ideen er. Og om den dagen kjem, vil eg at vi skal ha så mange fordelar som mogleg i den kampen. Aller helst så mange fordelar at alle åtte av oss overlever.»

Kirabo såg at Gunhild byrja å skjelve igjen. Ho såg ut som om ho hadde lyst til å skrike. Sjølv brekte han seg nesten berre ved tanken på at teknologien hans skulle bli brukt til krigføring.

Det store trollet nikka. «Du kjem til å bli ein god høvding ein dag, Kvarts.»

«Ikkje så god som deg,» svarte Kvarts med eit smil.

* * *

Gunhild pusta tungt, men lydlaust. Ho trengte å få organisert alt det ho hadde sett og høyrd den siste halvtimen, så ho lirka ein kolstift og ein papirlapp ut av taska og byrja å ta notatar.

Trollhola var omtrent på storleik med den store ballsalen på det kongelege slottet. Den største forskjellen var at medan ballsalen var eit heilt rektangulært rom, var store delar av denne hola grave ut av naturen sjølv over tusenvis av år. Veggane var difor ru med ei rekke krokar og avstikkarar, og det var så mange former her at det var umogleg å seie om rommet eigentleg først og fremst var ovalt eller trekanta. Ho skissa ei slags dråpeform på papirarket sitt. Heilt i nord – ho gjekk iallfall ut frå at det måtte vera nord med tanke på at dei var på sørsida av øya – var utgangen, tunnelen som så vidt ho hadde skjønt leia nesten rett oppover til hola ho hadde ligge utanfor saman med RJ kvelden før. Men den kom til å vera vakta heile natta, så den markerte ho berre med eit kryss. Ved inngangen teikna ho inn den vesle bålplassen, langs veggen til høgre for inngangen teikna ho inn dei fire sengene, og ved den andre veggen teikna ho eit symbol som skulle førestille romskipet. Midt i rommet var det sitjeplassar, og den delen av hola dei sat bortgøymd i no var openbart eit spiskammer og lager. I dei hyllene det ikkje var lagra mat i var det tau, korger, plantar, gryter og eit par ting ho ikkje var sikker på kva kunne vera. Over inngangen la ho merke til at det hang eit digert sverd – dobbelt så stort som hennar eige, men laga av slipt stein i staden for metall. Ho svelga og håpa at sverdet i hovudsak var veggpynt og at det ikkje framleis var i bruk.

Både analysane til RJ og det trolla hadde snakka om gjorde det tydeleg at denne stammen bestod av åtte troll. Det fire meter høge trollet som Kvarts hadde snakka med såg ut til å vera høvdingen deira, og Gunhild fekk òg inntrykk av at Kvarts var ein slags nestkommanderande. I sengene låg det framleis tre troll, og det store trollet Kvarts hadde snakka med tidlegare – var det Granitt ho hadde kalla han? – var ute på jakt, sannsynlegvis fordi han mistenkte at det var menneske på øya. Det måtte vera to troll til på øya. Sannsynlegvis haldt det eine av dei vakt utanfor hola, og Gunhild gjekk ut frå at det siste trollet var ute på jakt. Det gav meining at trolla skulle jakte om natta, når dei var på sitt sterkaste – sjølv om det sannsynlegvis ikkje var så mykje på denne øya som kunne måle krefter med eit fullvaksent troll same kor høgt sola måtte stå på himmelen. Gunhild noterte «Kvarts – Granitt – Høvding?» og fem spørsmålsteikn på høgre side av arket. Ho prøvde samtidig å notere kor store desse trolla var. Det var veldig merkeleg å skulle tenkja på troll som tenkjande vesen som hadde namn, men ho måtte halde seg til situasjonen slik han var akkurat no – å fornekte dei sterke sidene til trolla gjorde ikkje trolla svakare.

To gonger hadde ho høyrd trolla snakke om å invadere hovudstaden. Det verka som om trolla ikkje var einige om kor vidt dette var ein god idé, men det var openbart at ein fraksjon av stammen tenkte på det, og Kvarts hadde sagt at dersom eit fleirtal av trolla ville det, kom resten av dei til å støtte den avgjersla. Og gjorde dei det, kom resultatet til å vera eit blodbad landet ikkje hadde sett maken til, iallfall ikkje sidan Den store krigen. Troll hadde aldri vore ein risiko på den måten før. Dei kunne vera nærgåande, men dei kom sjeldan nærare byen enn til jordene der geitene beita, og når dei ein sjeldan gong kom inn til byen, gjorde dei det enkeltvis, og då klarte som regel garden å jage dei bort. Om åtte troll angreip samtidig, ville dei ikkje ha ein sjanse. Og særleg ikkje dersom trolla mot alle odds klarte å forstå seg på teknologien i romskipet til Kirabo og bruke han til sin fordel. I motsetning til Kvarts og dei andre trolla visste Gunhild sjølvsagt at planeten Kirabo kom frå var pasifistisk og at han difor ikkje hadde eit einaste våpen i romskipet, men teknologien han sat på ville likevel kunne gi vanvitige fordelar i kamp. Ho hadde sjølv opplevd den dagen kor store fordelar det gav å ha RJ med seg.

Gunhild hadde framleis ikkje fått auge på ametystkrona. Det var fleire skrin og striesekkar rundt omkring i hola, men hadde ikkje RJ sagt at det verka som om eitt av dei store trolla hadde gått med krona seg? Det kunne uansett vera det same akkurat no: Sjølv om ho veldig gjerne hadde lyst til å få tak i ametystkrona, var første prioritet no å overleve, og det var absolutt ingen måte ametystkrona kunne hjelpe henne med det på. Det som var viktigare, var å finne ut kva trolla skulle bruke krona til. Kva var det Kvarts hadde sagt? «Det var ein kalkulert risiko, og vi trenger den krona.» Ho hadde eigentleg heile tida trudd at trolla berre ville øydeleggja krona for å skape panikk i hovudstaden, men om dei faktisk skulle bruke krona til noko, var det noko heilt anna. Problemet var berre at bortsett frå symboleffekten kunne ikkje Gunhild sjå noko som helst praktisk bruksområde for krona.

Trollhøvdingen hadde reist seg og haldt no på å tenne eit bål på bålplassen ved inngangen. Gunhild la merke til at ein av luftekanalane var strategisk plassert like over bålplassen, for å sleppe ut røyk frå bålet. Kvarts gjekk framleis i sirklar rundt romskipet og prøvde å forstå det, og Kvarts tok òg notat. Gunhild skalv litt. Det meste som hadde gått galent dei siste dagane hadde vore ein konsekvens av at ho hadde undervurdert trolla. Ho trudde ikkje at troll var intelligente nok til å forstå seg på teknologi frå ein annan planet, men no var det snakk om det same trollet som berre to dagar tidlegare hadde klart å kome seg inn på slottet, posere som ein statue utan at nokon la merke til det, noko ho sannsynlegvis hadde måtta gjera i fleire dagar, og stele ametystkrona midt under kroningsseremonien. Ho hadde ikkje råd til å undervurdere dette trollet ein gong til. Kva kunne dei gjera dersom Kvarts faktisk klarte å kome seg inn i romskipet til Kirabo? Dersom ho klarte å finne alle dei teknologiske dingsane hans, og bruke dei til sin fordel? Var det i det heile tatt mogleg?

* * *

Gunhild la vekk notata sine, førte handa nedover sida og fann sverdet sitt. Ho greip om handtaket, eigentleg berre for å vite heilt sikkert at det framleis var der. Om dei skulle bli oppdaga, kunne ho halde ut i kamp mot trolla kanskje så lenge som ei halvtime, men ho ville berre vera ein distraksjon for dei. Det ville ikkje vera første gong ho sloss mot troll om natta – ho hadde alltid lokka troll ut av holene sine nokre minutt før soloppgang og haldt dei opptekne med kamp til sola stod opp. Det føltes som om det var eit halvt år sidan sist, sjølv om ho innsåg når ho tenkte over det at det var mindre enn fire dagar sidan sist ho hadde drepe eit troll. Forskjellen var at når ho hadde utfordra troll i mørket tidlegare, var det i påvente av soloppgang, medan ho venta på at sola skulle stå opp, og med unntak av når ho berekna feil var det aldri meir enn fem minutt om gongen. Her inne kom ikkje sola til å stå opp om fem minutt, eller om ei time, eller i løpet av det neste året: Var det ein ting Gunhild visste om trollholer, var det at dei alltid var heilt lystette. Ho lét framleis handa liggja på sverdet, men ho visste at om det ikkje blei heilt nødvendig ville det vera galskap å gå til angrep på trolla … særleg når det var så mange av dei.

Kirabo snudde seg mot henne. «Har du …», byrja han å spørja lågt, men han blei avbrote av at eit troll kom inn i hola. Gunhild gløtta ut gjennom holet i saueskinnet igjen. Det var eitt av dei mindre trolla, og sjølv om det var vanskeleg å bedømme på denne avstanden såg det ut som eit hunntroll. Det bar på ei korg med fisk som det sette ned på holegolvet før det helste på høvdingen. Gunhild pusta letta ut over at trollet ikkje tok fisken med inn i spiskammerset – det hadde auka sjansen for at dei hadde blitt oppdaga.

«God fangst i kveld,» sa trollet og smilte til Kvarts.

«Godt jobba, Magma,» svarte Kvarts og smilte tilbake. «La korga stå der inntil vidare – vi et halvparten ferskt og saltar resten. Vinteren kjem til å vera her før vi veit ordet av det.»

Magma hosta kraftig. «Medan eg var ute på sjøen prøvde eg forresten å kaste eit blikk over på fastlandet, slik du bad meg om.»

«Kva er det med den hosta? Har du blitt forkjøla?» spurte Kvarts.

«Treng du å kvile?» spurte høvdingen. «Eg er utkvilt no, så du må berre ta senga mi.»

«Takk,» smilte Magma. «Det er ikkje så farleg, eg blir berre alltid så frossen av den iskalde sjølufta. Men å kvile kan vera godt.»

«Kva såg du på fastlandet?» spurte Kvarts, nysgjerrig.

«Det ser ikkje ut som om noko er utanom det vanlege. Så vidt eg kan sjå er alt normalt – alle menneska ser ut til å halde på med sine vanlege daglege rutinar, inkludert riddarane.»

«Så det ser ikkje ut som om riddarhæren organiserer seg for kamp?»

«Nei, ikkje i det heile teke.»

«Supert.» Kvarts smilte frå øyre til øyre. «Det var det eg gjekk ut frå. Ein av soldatane deira følgde etter meg til fjorden og såg at eg drog ut hit, så dei veit kvar vi er, men har dei så mykje som eit fnugg av fornuft vil dei skjøne at dei ikkje har ein sjanse mot oss her ute. For alt dei veit kan det uansett vera mange tusen av oss, og vi er på heimebane. Dei kan ikkje risikere liva til heile hæren for å få tilbake den krona, som berre har symbolverdi for dei. Dei har sannsynlegvis allereie gitt opp alt håp om å få krona tilbake og gått tilbake til kvardagen.»

Magma la seg i den ledige senga, høvdingen snudde seg mot bålet igjen, og Kvarts gjekk tilbake til romskipet. Kvarts tok framleis notat av det ho observerte ved skipet, og Gunhild klarte ikkje å la vera å bli fascinert over å sjå eit troll som kunne å skrive. No som alle trolla var opptekne med sitt, torde ho å snakke lågt igjen.

«Kva var det du ville seie?» kviskra ho til Kirabo.

«Har du noko som helst i veska di som kan hjelpe oss med å kome ut herfrå?»

«Diverre ikkje,» svarte ho. «Eg har papir og kolstift, eg har dyrefløyta mi, og elles har eg berre mat. Kva med deg? Har RJ nokre funksjonar vi kan bruke til å kome oss ut herfrå?»

«Dersom det hadde vore nokre hemmelege tunnelar ut av denne hola hadde eg klart å finne dei,» svarte RJ gjennom øyreproppane Gunhild og Kirabo framleis hadde i kvart sitt øyre, «men det har eg sjølvsagt sjekka for lenge sidan, og det finst ikkje noko sånt her, er eg redd. Eg kan klatre på veggane og sannsynlegvis kome meg ut gjennom ein luftekanal på den måten, men det vil ikkje hjelpe dykk ut på nokon måte. Elles har eg lydopptak av hundretusenvis av ville dyr frå heile galaksen eg kunne ha spelt av, men det vil berre trekke merksemd hit, så det går eg ut frå at vi kan vera einige om at ikkje er så smart.»

Magma slapp plutseleg ut eit kraftig nys. Høvdingen snudde seg mot henne og rista på hovudet.

«Du skjelver jo! Eg sa jo at du ikkje skulle vera på sjøen alt for lenge så seint på kvelden. Kvil deg og få varmen i deg no, elles kjem du til å vera sjuk i ei veke.»

«Det går greitt, Flint. Eg meiner … høvding. Bålet ditt hjelper, det byrjar å bli veldig godt og varmt her.»

«Ikkje varmt nok.» Høvdingen tenkte seg om. «Vi har framleis det gamle saueskinnet borte i spiskammerset. Eg kan hente det til deg når eg er ferdig med bålet, gi meg eit par minutt.»

Gunhild knyta neven rundt handtaket på sverdet. «Då blir vi oppdaga,» kviskra ho. «Vi har ingen annan utveg no: Eg må prøve å slåss mot trolla og halde dei opptekne lenge nok til at du og RJ klarer å kome dykk ut. Om eg gjer det med ein gong, kan eg til og med klare å overraske dei.»

Gunhild byrja å trekke sverdet, men Kirabo strakte brått ut ei arm, tok tak i handa hennes og dytta sverdet tilbake i slira. «Nei, ikkje gjer det,» svarte han. «Eg har ein betre idé.»

* * *

Gunhild snudde seg usikkert mot Kirabo. Kirabo kjente at det kribla i magen no. Han hadde ein plan. Den var farleg, og det var sannsynlegvis den dummaste planen han nokon gong hadde hatt, men det fekk ikkje hjelpe.

«Dersom du spring ut i rommet og byrjar å sloss mot trolla no, kjem dei til å drepe deg,» sa han stille. «Du kjem sikkert til å kunne opphalde dei ei stund, men til slutt vil dei overmanne og drepe deg. Og eg kjem meg uansett ikkje ut herfrå så lenge det er ei vakt ved utgangen.»

«Men kva er alternativet, då?» spurte Gunhild, usikker på kva Kirabo eigentleg ville.

«At eg spring ut dit.»

«Du er svakare enn meg. Dei kjem til å drepe deg òg.»

«Nei. Hugsar du ikkje kva dei nettopp snakka om? Dei er interesserte i teknologien min, og eg kan hjelpe dei med å forstå han. Eg har ikkje tenkt å hjelpe dei, sjølvsagt, men eg er likevel ganske sikker på at dei vil ha meg i live.»

«Men det hjelper oss ikkje,» svarte Gunhild og merka at ho fekk ei tåre i augekroken. «Dei kjem til å ta deg til fange, og deretter kjem dei til å løfte på saueskinnet for å sjå om det er nokre fleire her, og då tar dei meg og RJ òg.»

«Ikkje om de flyttar på dykk i mellomtida.»

«Flyttar oss? Kvar?»

«Eg spring mot utgangen og oppover tunnelen. Kva trur du kjem til å skje då?»

«Dei … kjem til å kome etter deg og ta deg til fange nesten med ein gong?»

«Ikkje heilt med ein gong. Eg kan sikkert halde dei opptekne i omtrent eit minutt. Og eg ser så spesiell ut at dei ikkje vil vite korleis dei skal fange meg, så sannsynlegvis vil alle dei vakne trolla i hola følgja etter meg. Det tyder at du og RJ har hola for dykk sjølv i eitt minutt.»

«Men kvar skal vi gøyma oss?»

«I romskipet.»

«Hæ?»

«RJ kan opne døra for deg. Det er den tryggaste staden i hola. Der kan du samle krefter og leggja ein plan for korleis vi skal klare å kome oss ut herfrå. Og så lenge eg distraherer trolla medan du klatrar inn, vil dei ikkje eingong vite at du er der.»

Gunhild svelgde. «Er du sikker på dette? Du må ikkje gjera dette, eg kan …»

«Jo, dette er noko eg er nøydt til å gjera,» smilte Kirabo. Så løfta han raskt på saueskinnet og smatt ut i rommet. Han sprang så fort han kunne i retning utgangen. Høvdingen snudde seg mot han, usikker. Kvarts såg på han og grynta noko, men utan RJ skjønte ikkje Kirabo kva ho sa. Magma lét sjukdom vera sjukdom og spratt opp av senga. Kirabo kom seg ut i tunnelen, og han la merke til at alle dei tre trolla la på sprang etter han. Fint. Han sprang så fort han kunne, men tunnelen steig oppover, og det tok ikkje lang tid før han måtte byrja å klatre. Det fekk berre stå til. Han måtte kjøpe nok tid til at Gunhild og RJ rakk å kome seg i tryggleik. Han klatra for harde livet, oppover i tunnelen, men trolla var rett bak han. Kirabo byrja å puste tungt. Han var vant til at det var meir oksygen i lufta enn det var her, så sannsynlegvis gjorde det at han blei raskare sliten. Han måtte berre halde ut litt til …

No kjente han ei hand som greip tak rundt leggen hans. Eit troll – basert på stemmen var det sannsynlegvis Magma – kom med eit utbrot som Kirabo ikkje forstod, men som han ville ha gjetta at tydde «No har eg deg!». Kirabo forsøkte å klamre seg fast i tunnelveggen og sparke frå seg med beinet, men det var til inga nytte. Trolla hadde klart å fange han. Han svelgde tungt. Forhåpentlegvis hadde han klart å opphalde trolla lenge nok til at Gunhild og RJ hadde kome seg i tryggleik.

Trolløya : eit godnatteventyr (HTML-utgåve, ISBN 978-82-998751-4-1)