Sjuande kapittel: Kamp


Trolløya : eit godnatteventyr (HTML-utgåve, ISBN 978-82-998751-4-1)

*tast* *tast* *tast* *tast* *tast* *tast* *tast* *tast*

«Jørgen?»

«Hei, Jørgen. Eva her.»

«Åh, hei! Hvordan går det?»

«Jo då, fint. Eg ringer eigentleg berre fordi eg ikkje har fått nokon mail frå deg enno om kva som skjedde på Trolløya. Eg veit at du har Ylva i kveld òg, men eg vil jo vite kva som har skjedd!»

«Beklager. Jeg skrev ikke mail fordi jeg hadde tenkt å ringe deg om det. Men jeg fortalte egentlig bare det vi ble enige om i går.»

«Korleis tok Ylva det?»

«Hun ble veldig trist, men hun takler det. Hun skjønte hvorfor RJ gjorde det han gjorde, og hun er veldig spent på fortsettelsen.»

«Skjøner. Då fortel du vidare i kveld, eller?»

«Må nesten det. Men … det blir litt merkelig.»

«Korleis då?»

«Gunhild er klar til å angripe trollene. Jeg tror … at dette blir siste kapittel av eventyret.»

«Hmm. Det vil nok vera det beste, ja. Ingen vits i å dra det ut meir enn nødvendig.»

«Skulle nesten ønske at Ylva var hos deg i kveld. Jeg er skikkelig dårlig på å fortelle gode kampscener, det er det du som er best på.»

«Skulle gjerne ha vore der sjølv, eg. Eg synest det har vore veldig koseleg å dele dette eventyret med deg, men … det er litt merkeleg å ikkje vera med på slutten.»

«Kall meg gal, men …»

«Kva?»

«Kan du ikke bare komme innom en tur?»

* * *

«Du har pusset tenner?»

«Ja, sjølvsagt.»

«Og tatt en dusj?»

«Det høyrde du vel. Eg har vått hår og alt mogleg, jo. Kom igjen, då!»

«Hva er du så utålmodig for?»

«Det veit du. Eg vil høyra meir av eventyret om Gunhild!»

«Jeg har en liten overraskelse til deg først.»

«Kva då?»

«… meg.»

«Mamma? Kva gjer du her?»

«Eg kom medan du var på badet.»

«Vi snakket litt sammen før i dag, og ble enige om at …»

«… det siste kapitlet i eventyret har vi lyst til å fortelja saman.»

«De er sikre på det?»

«Hva mener du med det?»

«Eg kan berre ikkje hugsa sist eg såg dykk to i same rom. Klarer de å fortelja eventyr saman?»

«Det er då ikkje noko problem. Det er jo det vi har gjort heile veka.»

«Men klart, om du ikke har lyst til å høre slutten av eventyret …»

«Jo! Sjølvsagt vil eg det!»

«Begynner du, Eva?»

«Gjerne.»

* * *

Då Gunhild opna døra til romskipet og hoppa ut med sverdet i handa, herska det framleis eit komplett kaos i trollhola. For første gong var hola heilt dekka av lys, og trolla hadde ingen stad å gøyma seg bort. Trollet som stod ved grautgryta stirra berre opp mot himmelen og såg ut som om det hadde problem med å områ seg, og Gunhild mistenkte at det kanskje ikkje hadde vore ute i dagslys på årevis. Granitt hadde fått ein stor kampestein over seg, og det tredje trollet prøvde å hjelpe Granitt med å få denne steinen bort. Heile hola var full av steinar som hadde falt ned då taket raste saman, og opp til ein meter over golvet stod det ei støvsky. Dei fire trolla som låg i senger var framleis døsige, og Gunhild visste at ho måtte gripe denne sjansen. Trolla var framleis så overraska at dei ikkje hadde lagt merke til ho, og dette var den einaste sjansen ho fekk til å utnytte det.

Ho hoppa raskt opp i den næraste senga, der det låg eit hanntroll, og bora sverdet sitt hardt ned gjennom brystet på han. Trollet grynta i smerte, men døde berre sekund seinare. Gunhild trakk sverdet ut igjen og sprang vidare til neste seng, der det låg eit stort hanntroll som ho gjekk ut frå at måtte vera han som hadde haldt vakt utanfor hola den natta. Han løfta døsig handa for å reagere, men Gunhild var raskare enn han, og klarte å hogge han i arma med sverdet. Han sette seg opp, tok seg til det blødande såret og skreik, og Gunhild nytta anledninga til å støyte sverdet hardt inn i sida på trollet. Ho trakk sverdet raskt ut igjen og sprang mot neste seng, vel vitande om at trollet kom til å dø i løpet av dei neste tretti sekunda.

I den neste senga låg Magma. Ho låg framleis på ryggen og prøvde å orientere seg – det var tydeleg at hostinga tidlegare den natta hadde utvikla seg vidare til ei forkjøling, og at senga hennes plutseleg stod midt i sola gjorde nok ikkje saka betre. Magma verka for svimmel til å oppfatte Gunhild, og trakk berre saueskinnet lenger over seg. Dette var nesten for lett. Gunhild hoppa hurtig opp på saueskinnet og rakk akkurat å sjå trollet rett i auga før ho lét sverdet gli rett inn midt mellom auga til Magma. Gunhild forsøkte å sjå bort, for det var noko veldig merkeleg med å skulle drepe nokon som hadde eit namn og som du akkurat hadde sett at førte ein samtale med nokon. Men det fekk ikkje hjelpe. Ho skulle ut av denne hola. Ho skulle få Kirabo ut av denne hola. Då var ho villig til å gjera det ho måtte for å få det til. Og det augeblikket ho høyrde at Magma trakk sitt siste sukk, drog Gunhild sverdet ut igjen, hoppa ned på golvet og bevega seg hurtig vidare mot den siste av dei fire sengene.

I den siste senga i hola låg Kvarts. Ho såg ut som om ho framleis haldt på å vakne og prøvde å forstå kva som eigentleg skjedde der, men det augeblikket ho snudde hovudet mot Gunhild og såg ho rett i auga, var ho tydelegvis lys vaken. Gunhild var berre ein meter frå senga då Kvarts på eit kort augeblikk klarte å sprette opp av senga og kaste seg unna. I løpet av ein tidsperiode som ikkje kan ha vore meir enn to sekund, hadde Kvarts klart å springe heilt inn i tunnelen opp mot overflaten. Gunhild skjønte straks kvifor: Inn dit nådde ikkje solstrålane, og det ville difor ha vore alt for farleg å følgja etter Kvarts inn i tunnelen. Det fekk berre vente. No var det andre ting som var viktigare.

Kirabo sat framleis på ein krakk midt i rommet med ein kniv stikkande ut av låret. Han såg heilt utmatta ut, og Gunhild håpa ho klarte å få han ut herfrå før det var for seint for han. Aller først måtte ho få han laus. Ho kutta over tauet som haldt armane hans med sverdet sitt. Kirabo var veldig sliten, men det augeblikket han skjønte kva som føregjekk snudde han hovudet mot Gunhild og smilte. Gunhild kunne sjå at han brukte smilet for å kamuflere smerta han framleis følte i heile kroppen.

«Takk,» sa han. «Kvar er RJ?»

«Han …» Gunhild nølte, men rekte fram handa med omsetjingsmodulen til RJ i. «Han ofra seg. For oss. For deg.»

Smilet til Kirabo forsvann raskt, men i staden for å bryte ut i tårar, slik Gunhild hadde forventa at han skulle gjera, såg det ut som om han var like sint som han var trist.

«RJ var ein helt,» sa Gunhild forsiktig. «Han var villig til å gjera alt for at vi skulle kome oss ut av denne hola.»

«Så lat oss kome oss ut av denne hola,» sa Kirabo, meir målmedviten enn Gunhild hadde sett han før, til tross for at blodtapet tydelegvis gjorde han så svimmel at han nesten ikkje klarte å stå på beina.

«Tre troll nede,» smilte Gunhild, «berre fem igjen.»

«Eg hjelper til så godt eg kan,» sa Kirabo og reiste seg sakte opp.

«Du er for svak. Og du har ingen våpen.»

«Eg har noko som er like bra.» Kirabo byrja å springe, sjølv om han halta like mykje som han sprang, bort mot romskipet. Gunhild snudde seg etter han, men før ho rakk å reagere fekk ho eit kraftig slag i ansiktet som fekk ho til å fly ein meter bakover. Ho såg opp. Der stod Granitt, som var tydeleg sint for det Gunhild hadde gjort både mot hola og mot dei andre trolla.

«Glimmer! Skifer!» brølte han til dei to andre. «Ta dykk av denne. Eg går etter den andre.»

Granitt forsvann etter Kirabo, og to andre troll – eit ganske stort hanntroll og eit mindre hunntroll – omringa straks Gunhild. Ho reiste seg og løfta sverdet til forsvarsposisjon. Hunntrollet følgde rørslene til Gunhild med blikket. Gunhild forsøkte å hogge etter henne med sverdet, men trollet var i god form, og klarte å sprette unna. I venstre augekrok kunne Gunhild sjå at hanntrollet hadde reist neven og var klar til å slå til henne, men Gunhild svinga lynraskt sverdet og klarte å treffe handa hans før han trefte. Trollet skreik i smerte og greip seg til handa, og Gunhild gjorde seg klar for å hogge til han ein gong til medan han var distrahert av si eiga smerte.

«Ikkje … smart.» Gunhild kjente brått at to store armer lukka seg rundt henne bakfrå. Gunhild hadde vore så oppteke av å skape distraksjonar at ho hadde latt seg distrahere sjølv òg, og no hadde hunntrollet klart å kome seg rundt Gunhild og få henne i eit gripetak så hardt at ho omtrent ikkje klarte å røyre på seg, og iallfall ikkje svinge sverdet.

«Vi … ikkje redd deg,» kviskra hunntrollet i øyret til Gunhild medan ho sleit for å kome seg laus. Det var tydeleg at dette trollet på eit tidspunkt hadde lært å snakke menneskespråk, men ho nølte for å finne dei rette orda, som om ho aldri hadde snakka med menneske før. «Vi … Sterkare enn deg … Menneske.»

Trollet slo over til trollspråk. Gunhild innsåg at ho ikkje lenger hadde omsetjingsmodulen til RJ i handa. Ho måtte ha mista han då ho blei slått bakover av Granitt. Det var likevel tydeleg kva trollet måtte ha sagt: Ho måtte ha bedt det andre trollet om å ta sverdet frå Gunhild. Det store trollet gliste. Gunhild stramma musklane. Kva var det førelesaren hennes hadde sagt om kva ein skulle gjera om ein blei angripe av troll bakfrå?

Det neste som skjedde opplevde Gunhild som om tida saktna, og at det som skjedde i løpet av eit par sekund eigentleg tok fem minutt. Ho slapp sverdet og klarte raskt å gripe tak i armane til trollet som heldt ho, og når ho berre eit tidels sekund seinare kasta overkroppen framover klarte ho det ho hadde håpa på: å slenge trollet over skuldrane sine. Trollet skreik forvirra, og det andre trollet rygga litt bakover for å unngå å hamne under hunntrollet som no blei slengt rett i golvet framfor Gunhild. Gunhild plukka raskt opp sverdet igjen. Ho måtte gripe sjansen medan trollet låg nede, framleis svimmel etter samanstøyten med golvet. Trollet dekka brystet med armane, så det ville vera vanskeleg å treffe henne i hjartet, men halsen hennes var naken og open. Gunhild støyta målmedvitent sverdet sitt ned i trollets hals, og idet sverdet trengte inn i halsen kom det eit kraftig skrik frå trollet, eit skrik som minna meir om gråt enn dei brutale dødsbrøla Gunhild hadde høyrd tidlegare.

Gunhild tørka raskt blodet av sverdet medan ho snudde seg mot det andre trollet, som no brølte rasande. Han slo etter henne slik at Gunhild måtte rygge. Ho forsøkte å svinge sverdet, men han klarte å trekke seg til side kvar gong sverdet nesten trefte han. Det rann framleis blod frå såret han hadde fått i neven litt tidlegare, men det verka som om han ikkje brydde seg om det. Han var rasande. Og jo nærare han kom Gunhild, jo meir måtte ho rygge, og jo lenger blei ho trengt inn i eit hjørne.

* * *

Kirabo var veldig sliten, og han falt sammen av utmattelse før han kom helt fram til romskipet, men han klarte å krabbe det siste stykket fram til døra. Han visste at han måtte klare det, for Granitt var like bak ham. Trollet brølte noe etter ham, men ikke på et språk Kirabo forstod, så da kunne det være det samme. Det hadde vært en lang natt, og da Kirabo løftet hånden for å åpne døra, føltes det som om den veide et tonn. I så fall måtte han bare ha styrken til å løfte et tonn, for nå skulle han inn. Armbåndskomputeren streifet sensoren ved døra, og døra spratt opp. Det var ikke ofte Kirabo åpnet døra på denne måten, vanligvis åpnet RJ døra for ham, men det var ikke noe han kunne tenke på nå. Kirabo hadde en veldig sterk trang til å bryte sammen i gråt, men det måtte bli senere. Nå skulle han hjelpe Gunhild med å vinne denne kampen. Nå var det alt som betydde noe.

Kirabo brukte all sin styrke på å kaste seg inn i romskipet, og all sin konsentrasjon på å trykke på låseknappen for armbåndet igjen så snart han var innenfor døra. Døra smalt igjen rett foran ansiktet på Granitt, og Kirabo pustet lettet ut der han lå på gulvet i kontrollrommet. Granitt begynte å hamre løs på døra, og Kirabo håpet at den skulle tåle trykket så lenge at han rakk å gjøre det han hadde planlagt.

Han kastet et blikk nedover kroppen sin. Kniven til Kvarts stod fortsatt rett ut fra låret hans, og hvert steg han hadde tatt til romskipet hadde vært en symfoni av uutholdelige smerter, men han hadde ikke hatt tid til å trekke kniven ut. Det hadde han nå. Så vidt. Han var så utmattet at han var nødt til å bruke begge hendene for å ha nok styrke til det, og det var bare så vidt han orket å røre på seg, men han fikk kniven ut av låret, og han skrek i smerte, for det var langt vondere enn han hadde forventet. Han kastet et blikk på den blodige kniven, og lot det gli over til revnen i buksebeinet og det store, blødende såret som lå like innenfor åpningen i stoffet. Da han først landet hadde han trodd at denne planeten var tilbakestående teknologisk, men nå var det åpenbart at teknologi ikke bare handlet om å ha de mest avanserte dippeduttene. Kvarts hadde hatt ett enkelt, slipt metallstykke med trehåndtak. Det hadde vært nok til å gjøre så stor skade på ham, og ingen av datamaskinene hans hadde klart å stoppe henne fra å påføre ham så mye smerte. Denne lille stammen var minst like avansert teknologisk som de smarteste forskerne på Aberash, bare på en helt annen måte.

Granitt dunket fortsatt på døra. Kirabo kunne se at den hadde begynt å få bulker, men den holdt fortsatt. Han begynte å krabbe seg bort til kontrollpanelet. «Har du våpen?» Gunhild hadde stilt spørsmålet mange ganger, men først nå begynte det å gå opp for Kirabo at han hadde flere svar på det spørsmålet. Han hadde ingen gjenstander som var produsert for å skade andre. Men han hadde noe. Noe bedre. Han heiste seg opp i den myke stolen ved kontrollpanelet. Normalt stod han oppreist ved kontrollpanelet, men det hadde han ikke krefter til nå. Han fattet ikke hvorfor han ikke hadde tenkt på dette før. Han hadde hørt om det på radio så mange ganger, at dette hadde skjedd, at folk hadde blitt alvorlig skadet, men det hadde alltid vært ulykker. Ingen han kjente til hadde gjort dette bevisst noen gang. Men en gang måtte være den første. Hånden hans falt ned på kommandoknappen på kontrollpanelet. Mikrofonen ble automatisk justert nærmere munnen hans.

«Juster jetmotor Gaml 27 grader til høyre,» hvisket Kirabo inn i destinasjonen.

«Dersom du ønsker å ta av, må du oppgi en ny destinasjon,» kom det fra kontrollpanelet. «Vi har ikke nok drivstoff til å nå sektor Tet-Het-Rosh.»

«Ingen destinasjon,» svarte Kirabo stille. «Bare … juster jetmotoren.»

En svak summelyd kom fra understellet på romskipet, men den var nesten ikke hørbar over dunkingen til Granitt. «Jetmotor justert,» sa datamaskinen.

«Start jetmotoren. Bruk … Nnnngh… de andre jetmotorene til å nullstille kraften fra jetmotoren slik at romskipet holder seg i ro.»

«Er du helt sikker på at du ønsker dette? Det vil føre til en oppvarming av rommet, og fare for …»

«Gjør det.»

Kirabo lukket øynene. Han hadde aldri gjort noe sånt før. Aldri før hadde han bevisst gått inn for å skade et annet levende vesen. Men i denne situasjonen føltes det likevel som det eneste rette. Han kunne høre brølingen av jetmotorene i ti sekunder før han igjen trykket ned kommandoknappen og bad romskipet om å stoppe. Når jetmotorene roet seg igjen, var det lett å høre at bankingen til Granitt hadde stoppet. I stedet for hørte han et dypt skrik som sannsynligvis fylte hele hulen. Kirabo åpnet sakte øynene og så ut gjennom vinduet. Granitt løp rundt i sirkler utenfor romskipet og skrek av smerte. Den grå huden hans var nå helt svartsvidd, og det som hadde vært langt, grønt hår bare et halvt minutt tidligere stod nå i flammer. Det så ut som om han prøvde å finne en mørk skygge eller en bøtte vann eller hva som helst annet som kunne lindre smerten, men det var for sent. Flammene fra jetmotoren hadde gjort for stor skade på ham. Nå falt han sammen på kne midt i hulen og gav fra seg et siste skrik. Kirabo grøsset. Sånn føltes det altså å drepe noen. Etter at denne kampen var over, håpet han at han aldri ville trenge å gjøre det igjen. Han lot blikket sveipe over hulen gjennom vinduet for å prøve å få oversikt over hva som foregikk der ute, men klarte ikke å orientere seg før han falt sammen av utmattelse over kontrollpanelet.

* * *

Gunhild svinga sverdet etter trollet som hadde trengt ho inn i eit hjørne, men han klarte alltid å trekke seg unna før sverdet trefte. Han slo rasande etter henne, og fleire gonger måtte ho dukke for å ikkje bli treft. Trollet var stort og kraftig, men ho hadde drepe kraftige troll før, og denne gongen hadde ho sola på si side. Ho måtte berre få tid til å leggja ein strategi. Trollet såg ikkje ut til å ha ein strategi i det heile tatt, det berre slo etter henne, langt sintare enn ho nokon gong hadde sett eit troll før. Det var som om det fekk energien sin frå reint, konsentrert sinne, og at det berre slo etter henne for å skade henne utan å eigentleg ha eit mål om å prøve å vinne denne kampen.

Neven til trollet kom fykande mot Gunhild igjen, og ho kasta seg ned akkurat i tide til å sjå neven treffe den harde steinveggen. Det var fjerde gong det hadde slått etter henne, og kvar gong brukte det eit par korte sekund på å trekke neven tilbake og kome seg i ny angrepsposisjon. Det var ei svakheit Gunhild måtte kunne bruke. Ho kom seg på beina igjen og haldt sverdet klart, og såg målmedvitent rett inn i dei rasande auga på trollet. Straks ho såg rørsla i auga som tyda på at trollet straks kom til å slå etter henne, kasta ho seg ned på golvet, og det augeblikket trollneven trefte holeveggen, brukte ho så mykje kraft ho klarte på å trenge sverdet sitt opp i magen på trollet. Det skreik i smerte, og Gunhild visste at smerta var så kraftig at ho distraherte trollet frå å parere angrepa hennes, så trakk raskt ut sverdet og hogde til trollet rett i brystet. Trollet gav frå seg enno eit skrik, og falt bakover. Det knasa då hovudet trefte golvet, men sannsynlegvis var trollet allereie dødt før det trefte bakken. Gunhild pusta letta ut. Eitt troll mindre å bekymre seg for.

Gunhild reiste seg og tørka blod frå sverdet medan ho såg seg omkring i hola. Ho hadde mista oversikta over kor mange troll som var igjen, men det byrja å bli tomt her. Ho lurte på kvar Kirabo var, og korleis det hadde gått med han. Var han framleis i live? Sist ho hadde sett han, var han i romskipet. Ho snudde seg mot det. Det hadde langt fleire bulkar enn det hadde hatt då ho forlét det, men det var framleis heilt. Ho hugsa at ho hadde høyrd eit kraftig bråk litt tidlegare, følgt av eit høgt skrik. Kva hadde skjedd der borte? Hadde Kirabo klart …

Tankerekka til Gunhild blei avbrote av at ho i eit halvt sekund såg noko kome mot seg i augekroken før ho plutseleg fekk eit kraftig slag på høgre side av hovudet. Det var som å bli treft av ein kampestein, og ho falt saman på golvet. Ho tok seg til panna, og kjente at ho blødde.

«Du har kjempa godt, menneske,» høyrde ho ei røyst seie over seg, «men no er det nok. Du trudde vel ikkje at du kunne hogge ned ein heil stamme ustraffa?» Ho titta opp, og såg trollhøvdingen stå der. I hendene hadde han det store steinsverdet Gunhild hugsa at ho hadde sett hengjande over inngangen til hola, og på sverdet kunne ho sjå ein flekk blod. Sitt blod. Ho svelga tungt. Dersom han hadde hogd etter henne med sverdeggen i staden for flatsida, hadde ho vore utan hovud no. Ho greip etter sverdet sitt, men til inga nytte – sverdet hadde ho mista då ho blei slått i bakken. No låg det fem meter unna, og ho hadde ikkje ein sjanse til å få tak i det utan at høvdingen stoppa henne.

Gunhild prøvde å setja seg opp, men fekk raskt eit nytt slag med steinsverdet. «Eg kunne ha drepe deg med ein gong,» sa høvdingen overlegent, «men det er ei alt for god skjebne for ein sånn som deg. Du har øydelagt heimen vår og drepe seks troll på under to timer. Du har gjort deg fortent til ein død som er langsam og smertefull.»

Kvarts kom ut av skuggane og ropte noko til høvdingen på trollspråk. Høvdingen snudde ropte noko tilbake til henne. Så plukka han raskt til seg ein lærpose han hadde hengjande i beltet, og kasta posten til Kvarts, som tok imot han. Han tok aldri auga frå Gunhild. Lærposen … var det ametystkrona? Gunhild forsøkte å så umerkbart som mogleg kravle nærare sverdet, men det var openbart at høvdingen la merke til det, for han kom raskt bort til henne og gav henne eit nytt slag med det gigantiske sverdet, så hardt at ho blei kasta fleire meter gjennom lufta. Ho landa hardt på det harde steingolvet. I tillegg til at ho hadde eit stort sår i hovudet, hadde ho no smerter i heile høgre side av kroppen – ho var sikker på at det kom til å setja blåmerke – og eit kutt frå der sverdet trefte henne i venstre skulder. Dette var det største trollet ho nokon gong hadde sett, og det var tydeleg at det ikkje ville vera enkelt å vinne denne kampen.

«Om sverdet er det einaste trikset du har i ermet, vil eg anbefale deg å berre gi opp med ein gong,» smilte høvdingen. «Eg har ikkje tenkt å gi deg ein sjanse til å få det tilbake.» Han plukka opp ein stein på storleik med eit stort eple frå golvet, og kasta han mot Gunhild med ganske mykje styrke. Steinen trefte ho i leggen, og Gunhild klarte ikkje å unngå å sleppe ut eit lite skrik.

«Det er fleire steinar der den der kom frå,» lo trollet. «Du har sjølv sørgja for det. Holegolvet er fullt av dei. Synd at du måtte gjera dette.» Han plukka opp ein ny stein, og kasta han opp i lufta og tok imot han igjen.

«Kva … Kva er synd?» stønna Gunhild. Ho hadde mest lyst til å berre skrike av smerte, men det var det han ville. Ho kunne ikkje la han få vilja si.

«At du måtte øydeleggja hola vår,» svarte trollet og kylte steinen gjennom lufta så han trefte den høgre underarma til Gunhild. «Vi var veldig fornøgde her. No må vi finne oss ein ny stad å bo.»

Gunhild gråt av smerte. Ho ville ikkje halde ut dette mykje lenger. Men kva kunne ho gjera? Ho prøvde å tenkja lynraskt på same måte som ho hadde gjort for det førre trollet ho drap. Ho måtte analysere rørslene til høvdingen for å ha ein sjanse til å slå han. To gonger hadde ho sett høvdingen plukke opp ein stein og kaste han mot henne. Han kom til å gjera det same igjen. Dersom ho forsøkte å røre på seg, ville han kaste ein stein, eller slå til ho med sverdet. Nøkkelen måtte vera å gjera noko når han ikkje såg på henne. Men han såg alltid på henne. Med eitt unntak: Når han bøygde seg for å plukke opp ein ny stein. Då tok han auga frå henne i eit halvt sekund. Det var då ho måtte slå til. Men kva kunne ho gjera på eit halvt sekund? Ho hadde ingen sjanse til å få tak i sverdet innanfor den tidslomma, og ho kunne ikkje angripe høvdingen med berre nevane heller. RJ var borte. Kirabo hadde ho ikkje sett på lenge. Ho var aleine no.

Eller … Vent litt. Plutseleg gjekk det opp for Gunhild at ho ikkje var så aleine som ho trudde. Ho kasta eit raskt blikk nedover magen sin. Ho hadde framleis med seg taska si. Ho hadde ikkje mista ho. Då hadde ho framleis allierte. Då hadde ho framleis ein sjanse.

Høvdingen bøygde seg ned for å plukke opp ein ny stein. No måtte Gunhild gripe sjansen: Ho stakk handa ned i taska så raskt ho kunne, fiska fram dyrefløyta, og blåste i fløyta så hardt ho kunne.

Fløytetonen fylte hola, og trollet stoppa opp og studerte henne i to sekund før han kasta steinen hardt mot handa hennes så ho mista fløyta.

«Fascinerande,» sa han. «Eg har drepe mange menneske før. Mange ville ha prøvd å lure meg dersom dei ønskja å gjera det der. Dei ville ha prøvd å godsnakke med meg, prøvd å be meg pent om at kunne dei ikkje vera så snille å få spele litt fløyte før eg drap dei. Du gjorde ikkje det.»

Gunhild tvang fram eit smil. «Eg har undervurdert deg lenge nok,» sa ho, vel vitande om at ho ikkje klarte å seie dette så overlegent som ho ønskja.

«Imponerande.» Trollet nikka. «Så er spørsmålet berre kva poenget med det vesle stuntet der eigentleg var. Openbart er det nokon du forsøker å kommunisere med. Er det fleire menneske på øya? Det kan bli interessant, men dei er uansett ikkje mange nok eller nært nok til at dei kan hjelpe deg no.»

Gunhild smilte. «Sjå opp,» sa ho.

Trollet løfta hovudet, og auga hans blei raskt fylt opp med noko som anten var sterk overrasking eller rein frykt. Luftrommet over hola var no heilt fullt av fuglar. Skjærer, kråker, trostar, måker, ørnar, store fuglar, små fuglar, uskyldige fuglar, rovfuglar. Kvar og ein ville ingen av desse fuglane ha vore til hjelp for Gunhild akkurat no, men det var ikkje ein og ein fugl ho hadde tilkalla med fløyta heller: Det var alle fuglane på heile øya. Dei var i overlegent fleirtal, og det såg det ut som om dei skjønte, for ein og ein del av fugleflokken byrja sakte å stupe ned mot hola, ned mot trollhøvdingen som stod midt i rommet. Det var som om fuglane hadde skjønt det, at no som dei var samla og det var dagslys hadde dei faktisk ein sjanse til å angripe trolla som i så lang tid hadde jakta på dei for mat. Og den sjansen lét dei ikkje gå frå seg.

Raskt var hola full av fuglar i alle storleikar, som alle fløy mot trollet for å hakke og klore på det. Trollet slo rundt seg for å forsvare seg, og han klarte å halde dei på avstand, men fuglane var for raske og smidige til at han klarte å drepe dei. Gunhild hadde endeleg moglegheit til å reise seg, men ho hadde ikkje lang tid, for ho visste at fuglane på eit tidspunkt ville innsjå at dei ikkje hadde ein sjanse mot trollet og trekke seg tilbake før for mange av dei blei skada. Når alt kom til alt var dette Gunhilds kamp. Men ho kunne bruke dette pusterommet til å vri kampen til sin fordel. Ho plukka opp sverdet frå bakken. Ho tok seg ikkje tid til å leite etter dyrefløyta, men sverdet måtte ho ha for å klare å kjempe tilbake. Det verka i heile kroppen, men ho måtte berre bite tennene saman og halde ut ei stund til. Det var ho nøydt til.

Å gå rett til angrep på trollet var heilt uaktuelt. Høvdingen var fire meter høg, og han hadde framleis ikkje slept taket i det store steinsverdet. Ho trengte å finne ein høgdefordel. Var det noko som helst i hola ho kunne klatre opp på for å kome meir på høvdingens nivå? Auga hennes glei rett på det. Sjølvsagt. Romskipet. Gunhild sprang gjennom hola og klatra opp på sida av romskipet. Ho snudde seg målmedvitent mot høvdingen, og såg han rett i auga i det dei siste fuglane forsvann ut av rommet. Utan sverdet hadde ho ikkje hatt ein sjanse, men no var ho klar for ein ærleg tvikamp.

«Du imponerer,» lo trollet og kom mot Gunhild med sverdet heva. «Ikkje berre er du det første mennesket eg har vore borti som ikkje undervurderer meg, men eg har tydelegvis undervurdert deg òg.»

«Kutt ut det der,» sa Gunhild irritert. «Er det ein ting eg verkeleg er dårleg på, er det småprat. Vil du prate, eller vil du slåss?»

«Sannsynlegvis det same som deg,» smilte trollet og svinga sverdet mot Gunhild. Ho heva sitt eiget sverd og klarte å parere slaget hans. Kroppen hennes var full av kutt og blåmerke, og ho hadde ikkje vore i ein sverdkamp på lenge, men likevel følte ho seg betre enn ho hadde gjort på mange dagar. Ho kjente at ho blei fylt opp av adrenalin, og at ho nesten ikkje la merke til smerta lenger. Gunhild smilte. Ho hadde sverdet sitt. Det var alt ho trengte for å føle seg heime.

Trollet svinga sverdet etter Gunhild fleire gonger, og ho klarte å parere kvart slag, men ho hadde ingen problem med å leggja merke til at trollet var sterkare enn henne. Om ho berre skulle stå her og forsvare seg, ville ho etterkvart tape denne kampen. Ho måtte gripe dei sjansane ho fekk til å angripe. Trollet heva sverdarma for å slå Gunhild, og ho nytta anledninga til å kutte han i skuldra. Han grynta av smerte, men tok seg elles ikkje nær av det, ho hadde ikkje klart å kutte djupt nok til å hemme han. Han senka sverdet mot henne i eit ofseleg tempo, men ho rakk å heve sitt eiget sverd i tide til å parere. Det slo gnistar då sverda trefte kvarandre, og slaget var så kraftig at Gunhild haldt på å miste balansen. Hjartet hennes slo raskt. Ho måtte gjera noko lurt snart om ho skulle ha ein sjanse mot høvdingen.

Han slo nok ein gong etter ho med sverdet sitt, og igjen klarte ho akkurat i tide å heve sitt eiget sverd for å møte slaget. Denne gongen var slaget så kraftig at sverdet hennes haldt på å bøye seg, og ho klarte ikkje å halde balansen. Ho falt saman på romskiptaket. Trollet smilte, og Gunhild skjønte godt kvifor. Om ho ikkje kom seg opp igjen raskt, var ho død.

Trollet heva raskt sverdet, men plutseleg, heilt ut av det blå, skreik han ut i smerte. Gunhild reiste seg sakte opp og titta ned mot føtene til trollet. Der låg ein utmatta Kirabo på alle fire. Han måtte ha kome til hektene, og hadde klart å snike seg heilt umerkbart innpå trollet. Ut av foten til trollet stakk det ein kniv. Kniven til Kvarts, den Kirabo hadde blitt torturert med tidlegare den natta. Takk, Kirabo, tenkte Gunhild. Det var nøyaktig ein slik distraksjon ho hadde trengt.

Trollhøvdingen heva sverdet irritert, og slo etter Kirabo med det. Han trefte Kirabo med flatsida av sverdet, så Kirabo blei ikkje kutta i to av dette, men han blei slått fleire meter gjennom lufta og inn i ein holevegg. Gunhild svelgde tungt. Ho måtte nytte denne anledninga Kirabo hadde skapt for ho. Ho lukka auga og hoppa ut i lufta, og landa på skuldrene til trollet. Før han rakk å reagere hadde ho køyrd sverdet sitt inn i nakken hans. Han skreik i smerte, og falt saman på holegolvet. Gunhild trakk sverdet ut igjen, og studerte trollet, som no heilt tydeleg var døande.

«Eg … eg undervurderte deg visst meir enn eg trudde,» kom det frå det utmatta trollet. Medan han snakka, såg Gunhild at den store kroppen hans sakte blei til stein. «Eg … eg kasta eit blikk på deg og stempla deg med ein gong som ein einsam ulv. Eg trudde … at du var typen til å gå i kamp aleine, at du ikkje hadde … allierte.»

Trollet hosta og løfta hovudet. «Takk,» sa det lågt med sitt siste andedrag. «Eg kan ikkje tilgi deg for å ha drepe stammen min, men … Takk for ein fin kamp.» Hovudet falt ned på golvet igjen. Trollhøvdingen var død.

* * *

Gunhild løp bort til Kirabo. Han var utmattet, både av slaget han hadde fått og av torturen tidligere den natten, men han var fremdeles i live. Han hadde gjentatte ganger vist Gunhild at han var langt modigere enn hun først hadde trodd, og hun hadde ikke klart å drepe trollhøvdingen uten ham. Var de ferdige? Hadde de drept alle trollene nå? Hun prøvde å telle raskt i hodet. Kirabo hadde åpenbart klart å drepe Granitt alene. Tre troll hadde hun klart å ta i sengene deres. To troll hadde angrepet henne sammen, og så var det høvdingen. Det ble sju. En manglet. Kvarts.

Gunhild kastet blikket rundt omkring i hulen, men så ingen. «Jeg er her,» kom plutselig en stemme ovenfra. «Det er meg du ser etter, er det ikke?»

Gunhild gikk ut i rommet og hevet blikket. Kvarts hadde tydeligvis kommet seg ut, og satt nå oppe på den åpne sletta, for høyt til at Gunhild klarte å nå henne.

«Du er langt staere enn jeg hadde trodd,» ropte Kvarts. «Hadde jeg visst at dette kom til å være resultatet av at jeg stjal ametystkronen, ville jeg ha latt være.»

«Jeg er ikke ferdig,» stønnet Gunhild utmattet. «Jeg kommer til å få tak i deg også.»

«Det aner meg,» svarte Kvarts. «Og det har jeg ingen interesse av. Derfor har jeg tenkt å gi opp.»

«Hva?» Gunhild forstod ikke helt hva det var hun hørte.

«Ta imot.» Kvarts holdt opp en lærpose og kastet den ned til Gunhild. Gunhild tok imot posen og åpnet den. Der lå ametystkronen, like hel og skinnende som den hadde vært da den ble stjålet tre dager tidligere.

«Hvorfor?» spurte Gunhild.

«Jeg er smartere enn deg,» smilte Kvarts. «I motsetning til deg vet jeg når jeg skal gi opp. Jeg velger mine kamper med omhu, og vurderer til enhver tid hvor god oddsen min til å vinne er. Og når det gjelder deg … Vel, det er åpenbart at jeg ikke har en sjanse til å slå deg, med tanke på hva du har fått til her så langt.»

«Men …»

«Du kommer til å bruke minst en halvtime på å komme deg ut av hulen. På den tiden kan jeg komme meg på en flåte, ro i land og starte et nytt liv på fastlandet. Om jeg tar kronen med meg, kommer du til å følge etter meg. Og det vil jeg helst unngå om jeg kan. Jeg trenger uansett ikke kronen lenger.»

Gunhild prosesserte sakte det hun hørte. Hun merket at hun ikke egentlig hadde noe imot å slippe å kjempe en kamp til akkurat nå. Men hun måtte vite en ting.

«Hvorfor?» spurte hun. «Hvorfor snek du deg inn på slottet for å stjele ametystkronen?»

«Det går mange historier om den kronen,» svarte Kvarts. «Noen sier at den har magiske krefter. Noen tror at den var en gave fra Soria Moria. Noen tror at kronen er like gammel som de sju brødrene og søstrene som grunnla kongeriket. Det er greia med mennesker. Dere har en tendens til å dikte historier om ting dere ikke vet noe om.»

«Hva mener du?»

«Denne kronen er ikke laget av mennesker i det hele tatt. Den ble laget av en ung sølvsmed for mange hundre år siden. Et troll. Han laget kronen som en tradisjonell gave til seg selv da han bestod overgangsprøven som alle troll må gjennom for å markere overgangen fra barn til voksen. Den var hans kjæreste eiendel. Til den store krigen kom. Da spilte det ingen rolle om man var sølvsmed, jeger eller kokk. Da var alle troll soldater.»

Gunhild svelget tungt. Hun hadde hørt om den store krigen hundrevis av ganger, men aldri fra et troll.

«Du vet jo hvordan det gikk,» fortsatte Kvarts. «Menneskene vant, trollene måtte trekke seg tilbake. Trollene var dømt til å bosette seg i huler i skjul for menneskeheten, og ikke lenge etter var vi redusert til å bli sett på som rovdyr. En stamme klarte å forhandle til seg denne øya, som lå midt i fjorden, og etter det har ingen mennesker satt sin fot her … vel, før du kom. Sølvsmeden hadde kjempet tappert i krigen. Han drepte mange mennesker, og klarte å overleve, men kronen hans, hans kjæreste eiendel, ble tatt som krigsbytte av en ung prins – oldefaren til din prins Sigurd.»

Gunhild slet med å forstå det hun hørte. «Så da du stjal kronen …»

«… var det for å levere den tilbake til den rettmessige eieren,» svarte Kvarts. «Han var gammel, og hadde kanskje bare et tiår igjen å leve. Han fortjente å få det vakreste han noen gang hadde laget tilbake før han døde.»

Gunhild la to og to sammen. «Er det derfor du ikke trenger den lenger?»

«Ja. Du drepte ham … faren min … for fem minutter siden.»

Gunhild pustet tungt. Dersom noen hadde fortalt henne dette før hun dro til Trolløya, hadde hun sannsynligvis ikke dratt hit. Hun hadde drept … Hun orket ikke å tenke på det, og hun ønsket det ugjort. Men det var for sent nå.

«Du trenger ikke å flykte,» ropte hun til Kvarts. «Jeg skal ikke drepe deg.»

«Snilt av deg,» smilte Kvarts. «Men jeg håper du har forståelse for at jeg ikke stoler på deg. Uansett, du har det du kom for nå, og jeg kommer til å være mange kilometer unna før du kommer deg ut av hulen, så jeg stoler på at jeg aldri kommer til å se deg igjen.»

Med det spratt Kvarts opp og løp bort fra hulen. Gunhild vurderte å rope etter henne, men hun visste at det var for sent. Dessuten hadde hun viktigere ting å tenke på. Nå måtte hun se hvordan det gikk med Kirabo. Hun plukket opp dyrefløyta og oversettelsesmodulen som fortsatt lå på gulvet, og gikk bort til ham.

* * *

Kirabo husket ikke hvordan han hadde sloknet, men han våknet av at han fikk vann i ansiktet. Han åpnet øynene, og nå kom smerten tilbake. Brennmerket i skulderen. Brennmerket på magen. Det blødende såret på låret, som Gunhild måtte ha forbundet mens han var bevisstløs. Og han var øm og vond i hele kroppen etter at det store trollet hadde slengt ham i veggen. Han prøvde å sette seg opp, men han hadde ikke krefter til det – det var bare så vidt han klarte å holde øynene åpne. Han så opp. Der satt Gunhild, med den tomme vannflaska i hendene. Hun så ut til å være hel. Bra. Da måtte han ha gjort noe riktig.

«Vær så snill å si at du drepte han,» sa Kirabo slitent.

«Jeg gjorde det,» sa Gunhild stille, «men jeg hadde ikke klart det uten deg.» Hun så ikke glad ut. Hun så trist ut. Kirabo lurte på hvorfor, men bestemte seg for å ikke spørre.

«Fint.»

«Hvordan går det med deg? Har du det vondt?»

«Veldig. Har dere sykehus her?»

«Vi har en sykestue inne i byen, og jeg har førstehjelpsskrinet med meg, men …»

«Men?»

«Jeg har forbundet de verste sårene dine, men bortsett fra det vet ikke hvor jeg skal begynne en gang. Du har helt andre indre organer enn meg. Og … du er veldig hardt skadet. Jeg tror ikke jeg kan hjelpe deg. Jeg tviler egentlig på at de beste legene i byen kan hjelpe deg. Du trenger …»

«Jeg trenger å komme meg hjem til Aberash så fort som mulig, så jeg kan få profesjonell medisinsk behandling før jeg dør.»

«Noe sånt.» Gunhild klarte ikke å holde tårene tilbake.

«Hvor er alle trollene?»

«Ett rømte, resten er døde.»

«Har du fått tilbake kronen din?»

«Ja.» Gunhild fant den fram og gav den til Kirabo. Han holdt den i hendene studerte den. Han skjønte godt at hun hadde blitt sendt ut for å få den tilbake for denne gjenstanden var noe av det vakreste han hadde sett. Og på tross av all smerten, klarte han ikke å la være å smile.

«BIIIIIIIIP!» Hva? Den lyden … Kirabo forstod ingenting. Armbåndskomputeren hans reagerte på ett eller annet. Kunne det være … Han så på kronen en gang til. Den var laget av et metall Kirabo ikke hadde sett før, men de sju lilla steinene som skinte i sollyset var det noe kjent med. Gunhild hadde kalt stoffet ametyst. Men han kjente det under et annet navn. Dette var … sade.

Han kastet et blikk på Gunhild, og det så ut som om hun skjønte hva han tenkte.

«Sade?»

«Ja. Vet du om det finnes mer av dette stoffet i nærheten?»

«Hvor mye trenger du?»

«Ikke mye.» Kirabo prøvde å vise henne med fingrene. «En sånn klump burde holde for å få meg trygt hjem.»

Gunhild fant fram kniven sin. «Så om du får den største av disse ametystene, burde det holde for hele veien til Aberash?»

Kirabo svelget. «Jeg kan ikke be deg om det,» sa han stille. «Du trenger denne kronen selv.»

«Noen ting er viktigere enn andre,» sa Gunhild og brøt den største ametysten løs fra kronen med kniven. «Bare si meg hvor du vil ha den.»

«Dr…» Kirabo måtte konsentrere seg for å holde seg våken. «Drivstoffkammeret er inne i kontrollrommet.»

Gunhild løftet opp Kirabo og bar ham bort mot romskipet. Det var tydelig at hun måtte anstrenge seg for å bære ham, men hun var mye sterkere enn Kirabo først hadde trodd. Døra til romskipet stod fortsatt åpen fra da Kirabo hadde kommet ut av det, så Gunhild klarte å bære ham helt inn uten pauser.

«Hvor skal jeg legge deg?» spurte hun. «Senga?»

«Nei,» hvisket Kirabo. «Jeg … må være ved kontrollpanelet for å starte romskipet.»

Gunhild nikket lydløst, og satte Kirabo ned i stolen. Hun la oversettelsesmodulen fra seg på kontrollpanelet. «RJ bad meg hilse,» sa hun. «Han bad meg fortelle … at Adi… Abi… et eller annet kanskje kunne vinne en eller annen cup likevel.»

«Selvsagt.» Kirabo smilte utmattet. «Det har jeg alltid visst.»

«Hvor vil du ha ametysten?»

«Kan du … nngh … putte den i den åpningen der?»

Gunhild dyttet ametyststeinen ned i drivstoffkammeret, og det kom en bekreftende pipelyd fra kontrollpanelet. «Bli her,» sa hun. «Jeg skal dytte romskipet ut i midten av rommet sånn at du kan ta av. Går det bra med deg her?»

«Ja, jeg tror det. Og Gunhild …»

«Ja?»

«Takk.»

«For hva?»

«For alt.»

Gunhild smilte. «Det er jeg som skal takke.»

Kirabo trykket inn kommandoknappen på kontrollpanelet og bøyde seg fram for å snakke i mikrofonen. «Å… åpne hjulkamrene. Gjør skipet klart for forflytting.»

«Bekreftet.»

Gunhild gikk ut av romskipet og lukket døren etter seg. Kirabo merket at skipet flyttet på seg, og gjennom vinduet kunne han se at Gunhild dyttet skipet ut mot midten av hulen. Så gikk hun et stykke unna, sannsynligvis for at Kirabo skulle kunne starte jetmotorene uten at hun ble grillet. Nå skulle han endelig hjem igjen.

Kirabo trykket inn kommandoknappen på nytt. Det var bare så vidt han klarte å snakke. «Ny destinasjon. Tet, het, rosh … mem, bet … tau, shin, semk … nun … wau.»

«Destinasjon bekreftet,» svarte datamaskinstemmen. «Klargjør skipet for avgang om fem, fire, tre, to, en …»

Jetmotorene begynte å dure. Kirabo kunne se gjennom vinduet at skipet lettet. Det forlot hulen og steg stadig høyere. Etter noen sekunder kunne han se hele Trolløya under seg … og det var det siste Kirabo så før han besvimte av utmattelse.

* * *

Gunhild såg romskipet lette. Ho følte at ho var lykkeleg over at Kirabo kom seg heim, sjølv om det tydde at ho aldri kom til å sjå han igjen. Ho tok seg sjølv i å tenkja at ho kom til å sakne han. Ho måtte smile. No var ho aleine i hola, og aleine på øya. Det var på tide å kome seg ut. Ho gjekk inn i den tronge tunnelen som leia opp mot utgangen, og byrja å klatre. Ho var sliten, og det verka i heile kroppen, men ho kunne ikkje gi seg no. Ho klatra i det som kjentes som mange timer før ho kom til noko som såg ut som ei primitiv steindør. Det var openbart at trolla hadde sett opp ei sperring for å unngå at nokon skulle kome seg inn i hola på dagtid, når det ikkje var vaktar utanfor inngangen. Heldigvis var sperringa designa for å halde folk ute, ikkje for å halde folk inne, og frå innsida var ho enkel å opne. Deretter var det berre nokre meter igjen til ho kom til utgangen. Sola stod høgt på himmelen. Ho hadde vore i hola sidan kvelden før, og det var godt å vera ute i frisk luft igjen, sjølv om hola òg hadde vore ganske open sidan RJ … Nei, ho kunne ikkje tenkja på det no. No måtte ho kome seg ned til brygga.

For kvart skritt Gunhild tok, merka ho at kroppen blei vondare og vondare. Ho visste at innan ho kom seg fram til robåten, ville ho vera alt for svak til å ro i land. Difor gjekk ho ikkje dit. Ho klarte å kome seg ned til brygga der det framleis låg eit par flåtar. Ei flåte mangla. Kvarts hadde altså haldt ord og forlate øya. Gunhild klarte ikkje å halde seg på føtene lenger. Ho sette seg ned på brygga, fann fram kolstiften og ein papirlapp frå taska, og byrja å skrive ein lapp til generalen. Ho hadde krona. Alle trolla var døde. Ho var ikkje i form til å kome seg tilbake, og bad om at han sendte nokon for å hente henne. Så fann ho fram fløyta si og tilkalla ei kråke.

«Lever denne til generalen for meg,» sa ho lågt. «Og sei takk til alle venene dine for all hjelpa i stad.»

Kråka tok papirlappen i nebbet og fløy. Gunhild såg kråka fly av garde, og så falt ho saman av utmatting.

* * *

Neste gang Gunhild åpnet øynene, var hun i et rom hun visste at hun hadde sett før. Hun lå i en seng på sykestua. Hun hadde en ren skjorte på seg, og flere av de stedene som hadde gjort mest vondt før hun falt om på brygga var nå innpakket i bandasjer.

«Du er våken!» utbrøt en stemme ved senga. Gunhild snudde seg mot stemmen. Det var Solveig. Hun kastet seg over Gunhild og gav henne en klem. Gunhild gjorde en grimase i smerte. «Solveig … Ribbeina mine.»

«Beklager,» sa Solveig. «Legen torde ikke å gjette på når du ville våkne igjen, men hun tvilte på at det kom til å være før i morgen.»

«Har jeg vært borte lenge?»

«En uke. Generalen har vært veldig bekymret for deg. Han har sittet ved sengen din nesten hele tiden.»

«Har han?» Gunhild virket skeptisk.

«Jeg lovet å passe godt på deg en stund slik at han kunne få seg litt mat. Men han er ikke langt unna. Jeg skal hente ham.»

Solveig løp ut før Gunhild rakk å be henne om å la være, og Gunhild var alene i rommet. Hun løftet på dyna og tittet på kroppen sin. Hun var full av blåmerker, men de kom til å forsvinne igjen. Venstre skulder, høyre underarm og den venstre leggen var pakket inn i bandasjer, og hun kunne merke at hun hadde en bandasje på hodet også. Basert på lukten kunne det også virke som om beina hennes var smurt inn med helbredende salver for ikke så lenge siden.

«Du skremte oss,» sa en stemme fra døren. Gunhild snudde seg. Generalen stod der. «Jeg begynte å tro at du ikke kom til å våkne igjen.»

Gunhild smilte. «Du undervurderer det fantastiske helsevesenet vårt.»

Generalen satte seg ned ved sengen. «Hva var det egentlig som skjedde der ute? Vi hørte mange rare lyder fra øya det siste døgnet du var der, og like før kråka kom med beskjeden fra deg, så det ut som … en ildkule fløy opp fra Trolløya, opp mot himmelen.»

«Jeg havnet midt i trollenes hule ved en feiltakelse, og måtte kjempe veien ut derfra.»

Generalen hevet øyenbrynene. «Du var midt inne i en bebodd trollhule … og du overlevde

«Jeg fikk hjelp. Det er en lang historie. Jeg lover å avlegge en fullstendig rapport så snart jeg har fått spist litt frokost. Poenget er at det ikke er flere troll der ute nå. Solveig fortalte meg at du hadde sittet ved sengen min?»

Espenson nikket lurt. «Selvfølgelig. Når en av ridderne mine blir forfremmet til løytnant, liker jeg å kunne overrekke den beskjeden personlig.» Generalen rakte Gunhild en konvolutt, og smilte. Gunhild slo øynene opp.

«Hva? Jeg?»

«Selvfølgelig. Jeg lovet jo det.»

«Men … ametystkronen. Jeg fikk ikke med den største ametysten tilbake.»

«Det får prins Sigurd bare finne seg i. Vi klarer fint å gjennomføre en kroningsseremoni med bare seks ametyster i kronen, og når seremonien er over er det mange tiår til kronen skal brukes neste gang. Vi klarer fint å finne en ny ametyst på den tiden.»

«Så du er ikke sint på meg?»

Generalen trakk på skuldrene. «Jeg stoler på deg. Jeg går ut fra at når det mangler en stein i kronen, er det en god grunn til det. Kanskje du til og med har klart å lære deg grunnleggende diplomatiske egenskaper. Og om du faktisk har fått hjelp der ute, som du sier, er det åpenbart at du har blitt et nytt menneske. Jeg er sikker på at du kommer til å bli en utmerket offiser.»

Gunhild tenkte seg om. Generalen hadde rett. Hun hadde blitt et nytt menneske på de tre dagene hun hadde vært på Trolløya. Hun hadde lært å tenke på en helt annen måte enn hun gjorde før. Og det kunne hun takke RJ og Kirabo for.

«Legen din sier at du bør holde sengen et par dager til,» fortsatte generalen, «men når du blir i form til det, håper jeg du kunne tenke deg å komme innom kontoret mitt? Jeg har begynt å planlegge den nye kroningsseremonien. Det er tydelig at jeg ikke gjorde en god nok jobb med sikkerheten forrige gang, så jeg kunne ha veldig stor nytte av din hjelp i planleggingen.»

Gunhild smilte. «Takk,» smilte hun. «Det vil jeg gjerne.»

* * *

«… og så levde dei lykkeleg alle sine dagar.»

«Ikke bare lykkelig, så klart.»

«Ikkje? Kva meiner du?»

«Det er jo ikke helt sånn livet fungerer. Og det gjorde det ikke for Gunhild og Kirabo heller. De var stort sett lykkelige. Men om de skulle ha vært lykkelige alle sine dager, hadde livet blitt ganske kjedelig. Hver for seg hadde de nye eventyr, nye utfordringer, og når livet er spennende er man aldri lykkelig 100 % av tiden.»

«Godt poeng. Faren din har rett, Ylva. Gunhild fekk levert krona tilbake og blei forfremma til løytnant. Etter det haldt ho fram med å jobbe hardt for å stige i gradane og ein dag bli general. Men ho tok det roligare enn tidlegare. Ho tok seg tid til å vera meir merksam på menneska i livet sitt. Ho opplevde nye eventyr, men ho hadde lært å vera meir forsiktig, meir merksam på at livet hennar betydde noko. Ho var framleis meir inneslutta enn mange andre, men tida ho hadde med Kirabo hadde lært ho at andre menneske eigentleg ikkje var så ille, og ho fekk til og med eit par vener. Ho hadde glade dagar, ho hadde triste dagar, ho hadde spennande dagar, ho hadde nervepirrande dagar …»

«Og hun ble aldri landets første kvinnelige general. Men hun ble landets andre kvinnelige general, og det er jo ikke så ille, det heller. Men det tok lang tid, altså. Hun opplevde veldig mye før det.»

«Ja, ho slutta aldri å leggja ut på eventyr. Ein kan kanskje seie at ho var meir motivert no enn tidlegare, for i staden for å blindt bevege seg mot det einaste målet ho nokon gong hadde hatt, stoppa ho opp for å sjå seg omkring og finne ut om det var nokre andre mål ho burde ha, som ho hadde oversett undervegs.»

«Møtte ho nokon gong Kvarts igjen, mamma?»

«Det … er ei lang historie. Den får vi ta ein annan gong.»

«Kva med Kirabo?»

«Kirabo var … Jørgen?»

«Kirabo hadde nok bandasjer og salver i førstehjelpsskrinet i romskipet til at han klarte å holde seg i form til han kom tilbake til Aberash. Heldigvis gikk romskipet på autopilot, så Kirabo kunne sove det meste av turen, og da han nærmet seg planeten, klarte han å kalle opp Babirye sykehus over radioen så en ambulanse ventet på ham på landingsplattformen. Kjæresten hans besøkte ham på sykehuset hver dag, og hver eneste kveld fra han var frisk nok til å sitte oppreist, tok han henne med ut på nye stevnemøter for å veie opp for det han ikke hadde møtt opp til da han var strandet i verdensrommet.»

«Kirabo blei på sjukehuset i ein månads tid eller noko sånt,så det blei ikkje nye romreiser på han på ei stund. Men han var i god form igjen før eksamen.»

«Der fikk han en oppgave om hvordan han så for seg at man bedre kunne utvikle kommunikasjonsteknologi, og han begynte å snakke om det han hadde lært av Gunhild og livet på jorda: At man kunne kommunisere visuelt. At det var mulig å bruke fargede lamper i stedet for ulike pipelyder, at det kanskje gikk an å utvikle et skriftspråk i stedet for å bruke så mye ressurser på å installere syntetisk tale i alle kommunikasjonsmaskiner de produserte … Sensorene hadde blitt veldig imponerte, og Kirabo hadde fått toppkarakterer. Med vitnemålet i lomma og den arbeidserfaringen han hadde kunne han sannsynligvis ha fått hvilken jobb han ville …»

«Men han tok ein pause ei stund først. Tida saman med Gunhild, og det som hadde skjedd med RJ, hadde lært han at kunnskap ikkje var alt.»

«Nettopp! Så da bestevennen hans dukket opp på døra med opptak av alle de subirakampane som hadde gått på radio mens Kirabo hadde vært på reise, satte han seg ikke ned for å høre på dem. I stedet for begynte han å trene, for å bli i bedre form. Han ble medlem på det lokale treningssenteret, og når han følte at han begynte å bli i form til det, begynte han til og med å spille subira selv. Og neste gang han reiste ut i verdensrommet, tok han seg tid til å stoppe opp og beundre naturen rundt seg. Han hadde kjøpt en ny PA, men det hadde gått en stund før han hadde klart å samle seg til å gjøre det. Selv om han ikke hadde vært levende, hadde RJ vært den beste vennen han hadde, og Kirabo brukte lang tid på å klare å venne seg til tanken på å erstatte ham. Men han husket alt RJ hadde sagt til ham i årene de hadde kjent hverandre. Hvert eneste gode råd, hver eneste dårlige vits, hvert eneste minne, hver eneste erfaring.»

«Både Gunhild og Kirabo hadde vanskelege dagar. Av og til var dei usikre på om det dei hadde gjort, saman og kvar for seg, var riktig. Av og til sat dei og gråt over ting som hadde skjedd, troll, menneske og maskiner som hadde døydd. Av og til var det berre veldig vanskeleg å stå opp om morgonen, og ein orka ikkje å gå på jobben. Men stort sett hadde dei det fint. Det dei begge visste, var at tida dei hadde vore saman hadde forandra dei begge. Det var ein gnist som hadde vakna i dei begge to. Dei budde alt for langt frå kvarandre til at dei kunne halde kontakten, men dei gløymde aldri kvarandre. Og sjølv om dei ikkje levde lykkeleg alle sine dagar …»

«… hadde de begge fått en ny og glødende interesse for livet. Og det er vel det beste man kan håpe på, er det ikke?»

«Snipp, snapp, snute …»

«Så er eventyret ute. Og nå må du sove.»

«Mamma? Pappa?»

«Ja?»

«Tusen takk for at de gjorde dette. Eg veit at de ikkje liker å vera saman, men …»

«Det var bare moro, Ylva.»

«Ja. Vi har kanskje ikkje mykje felles, men vi er begge nøyaktig like glade i deg.»

«God natt, vennen.»

«God natt, mamma. God natt, pappa.»

«God natt.»

* * *

«Takk.»

«For hva?»

«For at eg fekk kome hit og vera med på å avslutte eventy­ret.»

«Det var bare koselig. Det var jo du som startet det, da er det bare rimelig at du får være med på å avslutte det. Men Ylva har et poeng. Vi har ikke brukt så mye tid sammen siden bruddet. Hvor lenge er det siden nå? Ti år?»

«Hender det at du angrar?»

«På hva da?»

«At vi gjekk frå kvarandre?»

«Nei. Vi var alt for forskjellige. For å være ærlig tror jeg at ting hadde endt mye tidligere om du ikke hadde blitt gravid med Ylva. Da tror jeg egentlig ikke at vi hadde flyttet sammen en gang. Vi prøvde for Ylvas skyld, men jeg tror ikke vi hadde gjort henne noen tjeneste ved å holde sammen lenger enn vi gjorde. Det ville bare ha blitt verre av det. Vi har vært ærlige med Ylva hele tiden. Det tror jeg hun setter pris på.»

«Ja, eg trur du har rett. Og det er ikkje slik at vi går inn for å unngå kvarandre heller, det er ikkje det at vi misliker kvar­andre, men … vi er jo vidt forskjellige. Ei­gentleg rart å tenkja på at vi klarte å halde saman i tre år. Vi har ingen­ting felles. Eller, vi har kanskje ein ting felles. At vi begge er glade i Ylva.»

«Og nå har vi enda en ting felles.»

«Kva då?»

«Trolløya.»

«Heh. Godt poeng.»

«Jeg tror Ylva sover. Har du lyst på en kopp kaffe før du drar hjem igjen?»

«Gjerne.»

Trolløya : eit godnatteventyr (HTML-utgåve, ISBN 978-82-998751-4-1)