Tredje kapittel: Kontakt


Trolløya : eit godnatteventyr (HTML-utgåve, ISBN 978-82-998751-4-1)

*tast* *tast* *tast* *tast* *tast* *tast* *tast* *tast*

«Hallo, det er Eva?»

«Hei, det er meg. Eh, Jørgen.»

«Jørgen? Kvifor ringer du hit? Har det skjedd noko med Ylva?»

«Hva? Nei! Ylva er på skolen. Hvorfor skulle det ha skjedd noe med Ylva?»

«Ingen grunn, det er berre … Det er berre uvant at du ringer meg. Vi har aldri vore så gode på å prate saman, særleg etter at Ylva byrja å ta bussen slik at vi ikkje trengte å avtale henting og sånt lenger. Og sist du ringte meg …»

«… var da Ylva fikk 39° i feber. Skjønner. Nei, det er ikke noe sånt. Pokker, du har rett. Jeg hadde faktisk ikke tenkt over at det var så lenge siden.»

«Jørgen.»

«Hva?»

«Kvifor ringer du?»

«… Trolløya.»

«Kva veit du om Trolløya?»

«Ylva fortalte meg hele historien. Jeg er imponert. Jeg ante ikke at du var så kreativ.»

«Uh, takk. Det ante ikkje eg heller, for å vera ærleg.»

«Hva hadde du tenkt at skulle skje videre i historien, forresten? Hva var det Gunhild fikk øye på på himmelen?»

«Hadde eg berre visst det … Eg sit litt fast. Eg føler at historia treng ein slags vri, men eg aner ikkje kva i alle dagar det skulle vera. Å dikte opp ei historie på sparket utan å ha nokon å kaste ball med var meir slitsamt enn eg trudde.»

«Vel, det jeg ringte for å si …»

«Eg liker ikkje det tonefallet. Kva er det?»

«Etter at Ylva fortalte meg historien om Trolløya, tagg hun meg om å fortelle videre på historien.»

«Vent. Gjorde du det?»

«… ja. Beklager.»

«Seriøst? Det er berre så typisk deg.»

«Jeg prøvde faktisk å nekte. Jeg insisterte på å lese noe annet, men du vet at det er umulig å si nei til den jenta når hun har bestemt seg for noe. Hun er nesten like tøff som moren sin.»

«Trur du at du kan stele historia mi og så berre gjera alt greitt med ein kompliment?»

«Du sa jo nettopp at du trengte noen å kaste ball med og at du ikke ante hva som skulle skje videre?»

«Så korleis valde du å løyse det? Kva skjedde vidare? Kva var det Gunhild såg?»

«… et romskip. Med en oppdagelsesreisende romfarer og en sarkastisk robotsidekick som går inn for landing på feil planet.»

«… seriøst?»

«Er du veldig sint?»

«Nei, berre overraska. Eg hadde ikkje forventa noko så … bra.»

«Så det er greit for deg?»

«Dersom du har klart å kome opp med ei god historie … Ja, under tvil. Så lenge du ikkje har avslutta historia enno, og du har gitt meg ein god cliffhanger eg kan byggja vidare på.»

«Takk.»

«Men du, eg har eit viktig møte om fem minutt. Har du moglegheit til å berre maile meg eit samandrag av kva du fortalte Ylva i går kveld, så eg veit kva eg har å halde fram på i kveld?»

«Det skal jeg gjøre. Vi snakkes?»

«Vi snakkast.»

* * *

«Klar for å leggja deg?»

«Kanskje.»

«No skal du leggja deg, Ylva.»

«Det er berre …»

«Kva om eg fortel deg meir av eventyret om Gunhild og Trolløya?»

«Det … er noko eg må fortelja deg først, mamma.»

«At pappa dikta vidare på eventyret i går kveld?»

«At … vent litt! Korleis visste du det?»

«Eg snakka med pappa i dag. Han fortalte meg heile historia om Kirabo og RJ. Høyrast ut som om de hadde det gøy i går kveld?»

«Sorry. Men det var mi skuld, altså! Pappa ville ikkje …»

«Det går fint, Ylva. Eg synest de klarte å få til veldig mykje spennande i går.»

«Så du vil fortelja vidare? Eg berre vite kva som skjedde etter at Gunhild trakk sverdet og …»

«Ja, eg vil fortelja vidare. Dersom du har skifta, pussa tenner og lagt deg under dyna i løpet av dei neste ti minutta.»

«Greitt!»

* * *

Gunhild hadde klart å tvinge det merkelege vesenet ned i bakken, og no sat ho bøygd over han og haldt han nede. Han byrja å grynte igjen. I handa haldt ho framleis sverdet slik at ho var klar til å drepe han, men plutseleg var det noko som fekk ho til å nøle. Det var som om ho høyrde orda til general Espenson i hovudet. Rekognosering. Ho nølte litt. Ho var her for å samle informasjon. Trolla skulle helst ikkje vite at ho var der, og om dei skulle snuble over liket av denne skapningen, ville dei skjøne at noko var på ferde. Dessutan visste ho ikkje kven han var: Kanskje kunne ho få informasjon ut av denne skapningen? Ho tenkte seg litt om. Så opna ho munnen.

«Kven er du?» sa ho, framleis med eit mistruande blikk. «Korleis fungerer magien din – og kva veit du om ametystkrona?»

No kom det plutseleg nok ein gryntande lyd frå den merkelege metallgjenstanden som stod ein meter unna stranda. Så skjedde det noko enno merkelegare: metallgjenstanden laga enno ein lyd, men denne høyrdes meir … feminin ut. Og kjent. Gunhild stoppa opp litt. Lyden var framleis så uklar at ho ikkje gjenkjente eit einaste ord, men ho gjenkjente røysta som laga han. Det var hennes eiga røyst. Kva skjedde? Korleis kunne dette vera mogleg? Mannen som låg under ho laga nokre gryntelydar igjen – han var rolegare no – og like etter byrja metallgjenstanden på stranda å snakke igjen. På eit språk ho skjønte denne gongen.

«Eg heiter Kirabo, og kjem frå planeten Aberash,» sa dingsen. «Altså, eg heiter Kirabo, eg som ligg på stranda under deg. Roboten som står ved sidan av meg, som denne røysta kjem frå, er min personlege assistent, RJ.»

Det var mange ord i desse korte setningane Gunhild ikkje skjønte, men maskina – eller var det mannen? – haldt fram med å snakke.

«Eg er skipbroten på planeten din, og eg leiter etter sade så eg kan kome meg heim til Aberash igjen. Eg har ingen fiendtlege intensjonar, og eg ønskjer å be om godvilje og samarbeid frå deg for å kunne kome meg heim. Eg må diverre likevel beklage at eg ikkje har kjennskap til denne ametystkrona du snakkar om, og at eg ikkje kjenner til ordet «magi», så …»

Gunhild avbraut, og såg rett inn i dei lilla auga til mannen under seg. Ho skjønte nesten kva han sa, sjølv om mange av orda var utydelege, men ho visste ikkje om det var nokon grunn til å tru på han. «Du kjem frå ein annan … planet?»

«Ja. Det store fartøyet du akkurat stod og studerte er romskipet mitt, som eg bruker til å reise rundt i universet.»

«Eg har aldri høyrd om ein planet som heiter Aberash.»

«Den ligg eit stykke unna. Det er verkeleg ikkje meininga å mase, men eg ville setja pris på det om du kunne fjerne den skarpe metallgreia frå halsen min.»

«Bevis det.»

«Korleis?»

«Sei noko berre ein person frå ein annan planet kan vite.»

«Kva?»

«Sei noko berre ein …»

«Ja da, eg høyrde kva du sa. Det berre verka som ein så veldig merkeleg førespurnad. Kva vil du at eg skal seie? Og korleis beviser det noko som helst?»

«Berre sei noko..»

«Akinyi kjøpte seg ein ny radio i førre veke. Den var brun, og kan ta inn nesten sytti kanalar.»

«Kven er Akinyi?»

«Naboen min.»

«Og …»

«… og om eg ikkje hadde budd på Aberash, hadde eg ikkje kjent Akinyi, og då hadde eg heller ikkje visst at ho hadde kjøpt ny radio.»

Gunhild innsåg at han hadde hatt rett i at dette ikkje beviste noko som helst, men ho senka sverdet og tok eit steg tilbake.

«Korleis er det mogleg for den tingen å snakke?» Ho peika på metallgjenstanden.

«RJ er ein robot. Han kommuniserer primært gjennom ein innebyggja høgtalar og ein mikrofon. Prosessoren hans tolkar input og omdannar denne til …»

«Prøver du å seie at det der skal førestille ein robåt?»

«Nei, eg …» Mannen – var det Kirabo han heitte? – tenkte litt.

«Kor ligg dette samfunnet i teknologisk utvikling?»

Gunhild måtte tenkja seg om. «Ganske bra, vil eg meine. Vi har sverd, vi har bogar, vi har kanonar. Vi har kjerrer, vi har ganske store seglbåtar. Vi held husdyr, som gir oss mat. Vi får ull frå sauane, som vi bruker til å framstille tekstilar. Tekstilane fargar vi. Vi har eld, vi har hjul og trinser, vi har …»

«Skjøner,» sa Kirabo. «Aberash ligg litt lenger fram enn det, trur eg. RJ er ei maskin. Han er full av små delar som når ein set dei saman på rett måte gjer det mogleg for maskiner å spele av lydar ein har lest inn i dei, eller lage eigne lydar og spele av dei. Og så kan han å tenkja, forresten.»

Gunhild såg framleis litt skeptisk ut, men ho var glad for å høyra at dette ikkje hadde noko med magi å gjera.

«Kva forhold har du til trolla?» spurte ho. Ho haldt framleis sverdet klart til å parere dersom Kirabo skulle angripe.

«Eg har aldri høyrd om troll.» Kirabo såg litt forvirra ut.

«Dei er fæle, blodtørstige rovdyr som på det største kan bli fire–fem meter høge. Dei er store og kraftige, og på natta er dei så sterke at dei er tilnærma uovervinnelege. Dei steler, dei plyndrar, dei dreper, dei gjer livet til eit sant mareritt i heile kongeriket. Hadde vi ikkje hatt den kongelege hæren, hadde dei sannsynlegvis drepe oss alle saman og drive heile landet til grunne.»

«Då går eg ut frå at … eg er imot dei?»

«Så kva gjer du på Trolløya?»

«Eg kunne stille deg same spørsmål.»

«Det kunne du. Men no er det eg som stiller spørsmåla.»

«Som sagt, eg har gått tom for drivstoff. Eg programmerte romskipet mitt feil, slik at eg hamna her i Het-Tet-Rosh i staden for heime på Aberash. Tru meg når eg seier at eg ikkje har lyst til å vera her, men eg må finne sade før eg kan kome meg vidare.»

Jo fleire merkelege ting Kirabo sa, jo meir trudde Gunhild på at han kom frå ein annan planet. Historia blei ikkje akkurat mindre sannsynleg av den blå huda hans eller den snakkande metalltingesten heller. Ok, ho trudde på han. Ho la sverdet tilbake i slira og rekte fram handa.

«Gunhild,» sa ho. «Kva heitte du, sa du? Kyrre?»

«Kirabo.» Kirabo skjønte ikkje heilt kvifor ho rekte fram handa til han, men han gjekk ut frå at det måtte vera eit positivt signal, så han gjorde det same. Gunhild tok tak i handa hans og rista litt på den, så han hadde tydelegvis gjort det rette.

«Det bur ukjente mengder troll på denne øya,» sa Gunhild til han, bryskt. «Dei er svakast i sollys, difor held dei seg som regel inne på dagtid. Hadde ikkje det vore tilfelle, hadde dei sannsynlegvis vore her for lenge sidan. Eg anbefaler deg å halde deg så skjult du kan så lenge du er her. Om du har moglegheit til å låse deg inne i det der … framkomstmidlet ditt … anbefaler eg at du gjer det. Troll er farlege.»

«Skjønner. Men eg kan ikkje bli der inne til evig tid. Eg treng å finne sade så eg kjem meg vekk herfrå.»

«Kva er dette sade du snakkar om?»

«Det er eit sjeldant mineral. Ifølgje mine analyser skal det eksistere i dette området i små mengder. Eg hadde håpa at du kunne hjelpe meg med å finne det.»

«Eg har diverre ikkje tid. Eg har ein jobb å gjera her. Dessutan kan eg ingenting om mineralar.»

«Skjønner. Vel, takk for praten uansett. Eg kan sikkert klare å finne det på eiga hand.»

Kirabo reiste seg opp og byrja å gå tilbake mot romskipet. RJ følgde sakte etter, nesten skeptisk. Gunhild snudde seg og såg etter Kirabo. Burde ho ha dårleg samvit? Ho var jo veldig opptatt med jobben akkurat no, og det var ikkje hennes skuld at Kirabo hadde køyrd seg bort, så kvifor skulle ho hjelpe han? Men samtidig var det nesten som om det var ei lita røyst inni henne som sat og sa at dette var feil. At … Ho burde gjera noko for Kirabo. Det var det einaste rette. Men kva?

«Vent,» sa ho. Kirabo snudde seg.

«Du har sannsynlegvis større sjanse for å finne dette mineralet ditt om du aukar leiterekkevidda. Så om du ikkje finn noko på Trolløya, kan du … Eg har ein båt. Når eg er ferdig med jobben min her, kan eg ta deg med til fastlandet. Og… eg kan sikkert leggja inn eit godt ord for deg hos generalen. Han er ein god mann, så han kjem sikkert til å ville la deg ta kontroll over ein tropp med riddarar som kan hjelpe deg med å leite.»

Kirabo smilte. «Det vil eg setja pris på. Tusen takk.»

«Eg må berre … samle nok data om trolla først. Sjefen min vil veldig gjerne ha denne krona tilbake, og eg må finne ut så mykje eg kan om Trolløya før vi kan sende fleire riddarar hit. Det kan ta nokre dagar.»

«Skjønner. Sei frå om eg kan hjelpe til med noko.»

Hm. Kanskje det? Kanskje det ikkje ville vera så dumt å ha hjelp til å leite? Men … Kva om dei møtte eit troll? Ville Kirabo klare seg?

«Har du nokre våpen?» spurte Gunhild.

«Kva er det?»

«Eg trudde du sa at du kom frå ein stad som ligg lenger framme teknologisk enn oss. Har du ikkje høyrd om våpen?»

«Hmm … Nei. Men det kan jo vera at ordet berre manglar frå ordlista til RJ. Kan du beskrive det?»

«Du veit … våpen!» Gunhild var ikkje så god med ord. «Ting du kan bruke til … å drepe eller skade dyr eller menneske, eller jakte med, eller …»

«Skjønner,» avbraut Kirabo. «Nei, det har vi ikkje på Aberash. Vi lever i harmoni med naturen. Vi går ikkje på jakt, og dei veldig få blant oss som har vore galne nok til å drepe andre menneske, har gjort det med berre nevane, eller med tilfeldige gjenstandar som har vore lett tilgjengeleg. Vi har aldri … produsert objekt for å drepe andre.»

Gunhild hadde vore borti pasifistar før. Men ein heil pasifistisk planet? Det var noko nytt. «Eg meiner sjølvsagt ikkje at du aktivt skal gå ut på Trolløya og drepe ting. Eg meiner … sjølvforsvar! Dersom du blir angripe og må forsvare deg!»

«Dersom eg skulle bli angripe, kan eg … springe.»

RJ bytta plutseleg stemmeleie og grynta eitt eller anna til Kirabo. Gunhild såg spørjande på han, og det verka som om RJ skjønte at han burde gjenta det på Gunhilds språk.

«Eg sa berre til Kirabo at sjølv om det absolutt er det smartaste i hans tilfelle å kome seg bort frå konflikt, er han for tida like sprek og rask som ei skilpadde med ein respirator på ryggen. Om troll er så fæle som du seier, har han ikkje ein sjanse til å springe frå dei.»

Gunhild studerte Kirabo ei stund. «Då trur eg det beste er om du blir her,» sa ho til slutt. «Og om du ikkje er særleg tess i kamp, trur eg ikkje du kan hjelpe meg så mykje uansett.»

Kirabo såg litt skuffa ut. Trongen hans til å hjelpe andre var stor. «Er du sikker på at det ikkje er noko eg kan gjera for å hjelpe deg?»

Gunhild rista på hovudet. «Ikkje med mindre du tilfeldigvis veit kvar inngangen til trollhola er.»

«Det veit vi,» sa RJ med si eiga røyst. Både Gunhild og Kirabo såg overraska ut over dette.

«Kom igjen, Kirabo. Du hugsar dette? Den jenta vi møtte i skogkanten for berre ei time sidan?»

Kirabo slo opp auga. «Meiner du at ho var … eit troll? Nei, det kan då ikkje …»

«Grå hud?» spurte Gunhild. «Litt som gråstein? Og mosegrønt hår? Mykje musklar?»

«Jo,» nikka Kirabo. «Vi møtte ho ved stranda der borte ein stad. Og då ho såg meg, sprang ho. Ja, det kan godt hende at ho var på veg til hola si, når du seier det …»

«Vis meg,» sa Gunhild, og vifta Kirabo mot seg med handa. «Eg blir med deg til der du trefte trollet, så kan eg finne spor etter det derfrå. Men hald hovudet lågt. Om eitt troll har vore ute i fullt dagslys, kan det hende at andre gjer det same.»

* * *

Kirabo hadde leia Gunhild nordover på øya, langs stranda. Hadde det vore opp til Kirabo hadde dei gått langs strandkanten heilt opp til staden der han hadde møtt trollet, men Gunhild hadde klart å overtyde han om at det var for farleg, så dei hadde haldt seg i skuggane i skogen. Det var framleis midt på dagen, så jo lenger nord dei kom, jo meir skugge fekk dei frå fjelltoppen på øya. Men det kunne vera troll ute, så dei ville vera alt for synlege om dei skulle gå på den opne stranda.

«Her var det,» sa Kirabo då dei hadde gått ei stund. «Eg trur iallfall det. Ho mista korga si ein stad … ja, der borte.»

Gunhild gjekk bort og studerte korga som låg på bakken, som framleis var full av sopp. Rundt korga var bakken dekka med fotspor, og det var ingen tvil om at RJ hadde hatt rett: Dette var definitivt ferske trollspor.

«Ja, ho var her,» sa Gunhild. Kirabo kom bort og sette seg ned ved sidan av ho.

«Lurer på kvar ho fekk tak i denne,» kom det frå RJ med Kirabos stemme.

«Kva snakkar du om?» Gunhild var forvirra.

«Korga ho brukte til å plukke – kva var det du kalla det, sopp? – i. Det er ei fin korg.»

Gunhild kasta eit blikk på korga. Det hadde ho ikkje tenkt over. Jo, det var ei fin korg. Den var fletta av eit materiale som såg ut som bjerkerøtter, og dekorert med farga leire. Det heile var veldig forseggjort. Samtidig var korga så stor og så slurvete laga at det verka litt for pussig om ho skulle vera menneskelaga.

«Kanskje det laga korga sjølv.»

Kirabo snudde seg mot Gunhild, tvilande. «Meiner du at troll kan flette korger?»

«Eg veit ikkje,» stønna Gunhild. «Eg har aldri sett nokon gjera det, men kvifor ikkje?»

Kirabo reiste seg. «Det er berre ikkje det eg hadde forventa av blodtørstige rovdyr.»

«Trolløya har vore isolert frå omverda i åtti år,» sa Gunhild. «Mykje kan ha skjedd på den tida. Eg går ut frå at troll òg kan … utvikle seg.»

Kirabo var stille. Det verka som om han veide orda sine på gullskål for ikkje å seie noko galent. Gunhild braut stillheita.

«Stemmer det at ho sprang den vegen?» spurte ho, og peika mot svaberga eit stykke nordaust for der dei stod.

«Ja, det stemmer,» sa RJ.

«Då er det dette settet med spor eg må følgje.» Gunhild snudde seg mot Kirabo. «Takk for hjelpa. Hald dykk i nærheita av romskipet dykkar, og lås døra og ikkje gå ut under nokre omstende etter at sola har gått ned.»

«Du er sikker på at det ikkje er meir vi kan gjera for å hjelpe deg?» Kirabo såg nesten litt trist ut.

Gunhild kasta eit blikk oppover fjellveggen. «Ikkje med mindre du ser på det som veldig sannsynleg at du klarer å klatre opp der utan problem.»

Kirabo tenkte seg om. Så lyste det opp i auga hans. Han hadde tydelegvis fått ein idé.

«Du kan ta med deg RJ!»

«Vent, kva?» sa RJ plutseleg då han skjønte kva det var han omsette. «Meg? Kvifor det? Korleis kan eg vera til nytte for ho?»

Kirabo såg berre dumt på han. «Du har eit titals måtar du kan vera til nytte på, RJ. Du har innebygde analyseverktøy for å analysere luktar og smaker i miljøet rundt deg.»

«Det treng ho ikkje. Gunhild har verkty for å analysere luktar og smaker sjølv, midt i ansiktet.»

«Du har òg visuelle analysesystem som kan gjenkjenne sjølv dei svakaste trollspor raskare og betre enn nokon person kan! Du kan hjelpe ho med å finne fram til trollhola raskare!»

«Eg er sikker på at Gunhild har god tid. Det er framleis berre midt på dagen.»

«Du har òg ein sensor som oppdagar alle holrom i tjuefem alen omkrets. Det er nøyaktig det ho trenger.»

«Men det er ikkje verdt den ekstra jobben med å drasse rundt på meg.»

«Du har innebygde samanleggbare klatrearmer. Du kan drasse på deg sjølv»

«Men … Eg bråker! Eg kjem til å forstyrre ho! KNIRK! KNIRK!»

«Dessutan snakkar du språket hennes.»

«Det er ikkje nødvendig,» avbraut Gunhild.

Kirabo snudde seg mot ho. «Kva?»

«Eg set pris på det, men … Eg klarer meg fint aleine. Eg kom hit aleine, eg kan gjennomføre oppdraget aleine. Gå tilbake til romskipet og vent der, de.»

«Aha,» nikka RJ. «Omvendt psykologi. Smart.»

Gunhild hadde aldri høyrd om omvendt psykologi, men ho var temmeleg sikker på at det ikkje var det ho haldt på med.

«Med mindre du prøver å lure meg til å tru at du bruker omvendt psykologi for at eg skal miste lysta til å bli med deg,» filosoferte RJ vidare, «fordi du ikkje eigentleg har lyst til å ha meg med. Då blir spørsmålet kvifor ikkje.»

«Miste lysta?» Gunhild slo auga opp i sjokk. «Du har jo ikkje lyst til å vera med. Det sa du jo sjølv.»

«Eg er ei masseprodusert metallmaskin,» påpeika RJ, «eg har aldri lyst til noko som helst. Men det betyr ikkje at eg liker å føle meg tilsidesett.»

«Så du vil vera med?»

«Det kan du banne på. Kirabo, bruk radioen i armbandskomputeren om du treng å få tak i meg. Når går vi?»

Gunhild senka blikket for å skjule frustrasjonen og prøvde å lære seg forma på trollspora utanat så ho kunne følgja dei vidare. Ho visste at Kirabo berre hadde meint å vera snill då han tilbydde ho å låne RJ, så ho klarte ikkje å seie nei, men ho likte det ikkje. Det positive var at RJ verka som om han var ein veldig dyktig sporfinnar og at han kunne hjelpe ho med å finne trollhola veldig raskt. Han var som eit reiskap, akkurat som sverdet hennes, eller kolstiften hennes. Han var ein ting, han hadde ein funksjon. Og ho brukte jo ting heile tida. Det negative var at i motsetning til sverdet hennes, var dette ein ting som ho var forventa å småprate med. Og var det noko Gunhild følte seg verkeleg dårleg på, var det å småprate.

* * *

«Så kva er planen?»

«Unnskyld?» Gunhild pusta tungt etter å ha klatra eit stykke opp på fjellet og var ikkje veldig innstilt på å snakke med RJ no, men ho følte ikkje at ho hadde eit val.

«Du prøver å finne trollhola.»

«Ja?»

«Går du ut frå at heile øya har berre ei trollhole?»

«Det veit eg ikkje. Kanskje ikkje. Men å finne ei av dei er iallfall ein start.»

«Kva skal du gjera når du har funne ho?»

Gunhild tenkte seg litt om. «Halde utkikk med ho. Prøve å få eit overblikk over kor stor ho kan vera.»

«Gå inn der, meiner du?»

Gunhild kvelte eit fnis. «Du går aldri inn i ei trollhole. Troll veljar holene sine med omhug – dei bruker berre holer der det ikkje slepp inn så mykje som ein stråle sollys. Difor er trolla på sitt sterkaste der, og difor er det berre dei aller dummaste riddarane i landet som nokon gong har gått inn i trollholer.» Ho trakk pusten. «Og i så godt som alle tilfella har dei ikkje kome ut igjen.»

«Så kvifor vil du finne trollhola?»

«Fordi hola er det som tyder aller mest for eit troll. Finn eg hola, finn eg trolla. Og når trolla kjem ut derfrå …»

«… går du inn?»

«Nei! Eg teljar dei, eg prøver å få oversikt over kor mange dei er og kor sterke dei er, om dei har utvikla nokre løyndomar dei siste åtti åra som vi ikkje kjenner til …»

«… og så dreper du dei?»

«Nei. Det er alt for farleg. Eg skal observere. Ta notat og sånne ting. Leggja ein strategi. Finne ut korleis vi kan gå fram for å … drepe dei. Eller få ametystkrona tilbake på ein annan måte.»

RJ verka skeptisk. «Så … du skal observere troll.»

«Ja.»

«Fæle, blodtørstige troll.»

«Ja?»

«Og du kan ikkje drepe dei.»

«Nei.»

«Då må du gøyme deg for dei? Halde deg godt skjult?»

«Sjølvsagt.»

«Men du må halde deg nær nok til at du kan observere dei.»

«Kva er …»

«Og troll har så godt mørkesyn at dei klarer å leve i holer utan sollys. Då ser dei sannsynlegvis veldig godt i lyset òg. Eg håper for di skuld at dei har elendig luktesans?»

«Nei, dei … Kan du halde kjeft?» Gunhild var nesten på gråten no. Ho var sjølvsagt klar over alt dette sjølv. Ho hadde eigentleg ingen plan, iallfall ingen god plan. Kvar gong ho hadde lagt ein plan for å oppspore troll tidlegare, hadde det vore med det føremålet å drepe dei, og det hadde stort sett vore troll som haldt seg for seg sjølv.

Det kunne det sjølvsagt godt hende at dei gjorde her òg, men skulle Gunhild klare å ta nok notat til at riddarhæren kunne få ametystkrona tilbake sånn at ho endeleg kunne få den forfremminga ho hadde så vanvittig lyst på, måtte ho klare å få fullstendig oversikt. Aller helst finne alle trolla på øya.

Sjølvsagt ville det vera farleg. Og skulle ho bli oppdaga av eitt troll, kunne ho sannsynlegvis klare å kome seg vekk eller, om det var like før soloppgang, opphalde trollet til ho kunne drepe det. Men ho kunne ikkje gjera det denne gongen. Om ho blei sett av eit troll, eller om ho drap eit troll og dei andre trolla fann liket seinare, ville trolla vera klare over at ho hadde vore der, og førebu seg på kamp slik at riddarhæren ville bli slakta ned då dei dukka opp. Og då ville dei aldri få ametystkrona tilbake.

Nei, her var det berre ein ting å gjera: Halde seg skjult for trolla til ein hadde fått eit godt nok overblikk over livet på øya og kvar det kunne tenkjast at ametystkrona blei oppbevart, og deretter rapportere tilbake til general Espenson. Utan å bli sett først. Ho ante ikkje om det var mogleg. Men om nokon kunne klare det, var det ho. Gunhild tørka tårene og haldt fram med å klatre.

«Du blei stille,» sa ho til RJ.

«Du bad meg om det,» svarte han.

«Gjer du alltid som du blir bedt om?»

«Ja. Det er eg programmert til. Men eg er god til å finne smotthol. Det er ikkje alltid folk ber meg ordrett om det dei vil at eg skal gjera. Kirabo har blitt flink til det, då. Men ofte kan eg gjera nøyaktig det eg blir bedt om utan å eigentleg gjera noko som helst.»

«Eg trur deg ikkje.» Gunhild smilte.

«Hei!» RJ prøvde å bruke eit fornærma toneleie. «Det er verdt å tru på meg. Eg har ikkje så veldig mange positive eigenskapar, men eg er iallfall ærleg.»

«Om du er så flink til å finne smotthol, hadde du lagt merke til at eg ikkje faktisk bad deg om å halde kjeft, men at eg spurte deg om du kunne halde kjeft.»

«Det er sant. Og eg la merke til det.»

«Likevel blei du stille.»

«Eg fekk inntrykk av at det var det du hadde lyst til. Og eg ville ikkje at du skulle gråte meir.»

Gunhild fekk ein tåre i augekroken. «Du tar feil, RJ.»

«Å?»

«Du har mange positive eigenskapar.»

No flata berget ut, og det var mogleg å stå oppreist utan å halde seg fast i noko igjen. Det vaks gras her, det vaks buskar her, og eit stykke lenger inn på fjellet såg det ut som om det kunne vera skog òg. Gras var bra. Gras tydde jord, og jord gjorde det langt enklare å finne fotspor. Gunhild sette seg ned på huk og studerte graset.

«Eg trur ho gjekk den vegen,» sa Gunhild lågt og peika opp mot venstre. Fjelltoppen ho såg framfor seg var nesten heilt dekka i skugge på denne sida av øya, og intuitivt visste Gunhild at hola ho var på jakt etter måtte vera der oppe ein stad: Der oppe haldt skuggen det fritt for sollys nesten heile dagen, så om eit troll trengte å stå utanfor holeinngangen og halde vakt, kunne dei gjera det utan å ofre usårbarheita. Det var den perfekte plassen for ein trollstamme å leggja hovudkvarteret sitt til. Dersom dei hadde eit hovudkvarter. Ho gjekk ut frå det. Å alliere seg med eit Gråfjell-troll for å infiltrere sjølve slottet og stele kongerikets mest verdifulle gjenstand … det kunne ikkje vera eitt troll som stod bak dette. Dette lukta planlegging. Strategi. For mykje strategi til at det verka realistisk at eitt enkelt troll kunne gjennomføre det. Dette var gjort av ein heil stamme.

«Det har du nok rett i,» svarte RJ, «både spora på bakken og den svake lukta som ligg igjen i lufta her gir inntrykk av å kome frå den retninga.»

«Er det nokre holer der oppe?»

«Eg aner ikkje.»

«Eg synest Kirabo sa at du var ein ekspert på å finne ut sånne ting?»

«Eg er det. Men berre innanfor ein gitt radius.»

«Kva tyder det?»

«At eg berre kan finne holer om dei er mindre enn tjuefem alen unna.»

«Kva er ein alen?»

«Pokker, eg aner ikkje korleis eg kan forklare det. Vent … Kva lengdemål bruker de på denne planeten?»

«Øh … Meter er vel det vanlegaste.»

«Kor lang er ein meter?»

«Omtrent noko sånt, kanskje?» Gunhild prøvde å gestikulere med armane.

«Ok, så tjuefem alen blir … mellom femten og tjue meter, trur eg.»

«Greitt.» Gunhild sukka. «La oss gå nærare.»

* * *

Kirabo sat i kontrollrommet og venta. Han gjekk ut frå at når Gunhild og RJ hadde funne ut det dei skulle finne ut måtte dei kome tilbake til romskipet, og han lurte litt på kor lang tid det kunne ta. Det byrja å bli veldig kjedeleg å sitja i romskipet, men samtidig hadde han ingen andre stadar å gå. Han kunne sjølvsagt gå ut for å leite etter sade på eiga hand, men sjansen for å finne noko var uansett minimal utan hjelp frå RJ, og så var det dette med troll, så klart. Gunhild hadde bedt han om å låse døra til romskipet, så det hadde han gjort, sjølv om han eigentleg ikkje trudde på at troll var så ille som ho skulle ha det til. Men Gunhild var eksperten her, så han turte ikkje gjera anna enn å låse seg inne og halde seg skjult. Dersom han skulle møte nokon der ute, ville han uansett ikkje ha nokon måte å kommunisere med dei på utan hjelp frå RJ. Nei, det var nok greiast å halde seg inne. Problemet var berre at han ikkje eigentleg hadde lyst til det, så ein del av han gjorde alt den kunne for å finne gode unnskyldningar til å liste seg ut i frisk luft ei stund.

Kirabo merka at han byrja å bli svolten. Han hadde heldigvis framleis nokre dagsrasjonar med hermetikk igjen, og han vurderte å skru på kokeplata og varme opp ein boks. Men så byrja han å tenkja litt. Det kunne jo hende at Gunhild og RJ var på veg tilbake hit. Og dersom dei var det, ville det jo vera uhøfleg av han om han ikkje tilbod Gunhild litt å ete. Men kva om ho hadde eit fordøyelsessystem som var heilt annleis enn hans, og det var noko i hermetikken hans ho ikkje tålte? Det hadde ikkje vore veldig snilt av han å matforgifte den einaste venen han hadde på denne planeten. Kva var det RJ hadde sagt om dyr som levde i vatnet? Kanskje han skulle gå ut ein tur, og krype ned til vatnet, og fange så mange dyr han klarte før Gunhild og RJ kom tilbake? Det var vel ein god grunn til å gå ut, var det ikkje?

Eller, kanskje ikkje. Når han tenkte seg om, kunne det jo hende at dette var ein av dei planetane der 90 % av befolkninga var vegetarianarar. Kirabo var ikkje vegetarianar sjølv, men han hadde ikkje lyst til å fornærme nokon med å servere dei mat dei ikkje kunne ete. Dessutan: Så lenge han ikkje hadde RJ med seg, hadde han ingen måte han kunne vite om dyra han fanga var utryddingstrua eller ikkje på. Gunhild hadde lova å hjelpe han med å finne sade så han kunne kome heim til Aberash, og å tilintetgjera faunaen på planeten hennes var sannsynlegvis ikkje den beste måten å takke ho på.

Han byrja å lure på om det hadde vore ein dårleg idé å låne bort RJ til Gunhild. Det var ikkje ein idé han angra på. Han hadde jo gjort det for å vera snill, og Gunhild trengte absolutt all den hjelpa RJ kunne gi ho akkurat no. Men Kirabo innsåg at sjølv om han hadde vore heilt aleine på dei aller fleste av romferdene sine, var dette første gong han var stranda i verdsrommet utan RJ. Ein del av Kirabo hadde lyst til å banke opp seg sjølv for å ha gitt frå seg RJ, ein annan del av han visste at det var det rette å gjera. Kanskje han skulle kalle opp RJ på radioen? Nei, det ville kanskje forstyrre dei, så han ville ikkje gjera det om det ikkje var heilt nødvendig.

Kirabo trykka inn knappen på kommandopanelet til romskipet. «Kan du fortelja meg om vesena som bur på denne planeten er vegetariske?» spurte han inn i mikrofonen. «Og om nokre av dyra i vatnet utanfor øya er utrydningstrua?»

«Livsformene på denne planeten er ikkje registrerte i databasen min,» svarte romskipet. «Forsøker å laste ned oppdateringar … beklagar, klarer ikkje å laste ned oppdateringar. Prøv på nytt neste gong skipet er nærare Aberash eller ein satellitt med kommunikasjonstilgong til Aberash.»

Kirabo sukka. Han følte seg veldig aleine. Han bestemte seg for å prøve noko. Han trykka ned knappen på nytt.

«Har du hatt ein fin dag?» spurte han inn i mikrofonen. «Har du lyst til å småprate litt?»

Det kom ein kort summelyd frå kontrollpanelet, fylgt av ein veldig negativ pipelyd Kirabo kjente alt for godt.

«Syntaksfeil,» sa romskipet. «Klarer ikkje å finne eit svar på spørsmålet ditt. Komponentane i spørsmålsstillinga ligg ikkje i databasen min. Forsøker å kople til nettet for å hente informasjon … beklagar, klarer ikkje å kople til nettet. Dersom du meinte å spørja om korleis soldøgnet fungerer på denne planeten, sei «alf». Dersom du meinte å spørja om meteorologiske forhold og temperaturar på denne planeten, sei «bet». For å høyra ei liste over alle tilgjengelege spørsmål i databasen, sei «gaml».»

Kirabo reiste seg og byrja å gå rundt i sirklar – eller kanskje det var ellipsar, tenkte han – på kontrollromsgolvet. For første gong på alle sine soloferdar i verdsrommet var han einsam. Og det blei ikkje betre av at han var innestengt her. Han måtte gjera noko. Han stoppa plutseleg opp og tenkte seg om. Kva med vekstane han hadde sett i skogen? Sopp, var det ikkje det Gunhild hadde kalla det? Det burde han jo klare å plukke. RJ hadde sagt at det ikkje var giftig, og han hadde sett at trollvesenet hadde plukka av det, så då måtte vel Gunhild òg kunne klare å ete det? Han smilte. Dette var ein plan. Det var ein god plan. Ja, han visste at Gunhild hadde sagt at han skulle halde seg inne så mykje som mogleg, men det måtte då vera lenge til det blei mørkt uansett. Og han måtte jo ha mat til Gunhild og RJ kom tilbake – det kunne vera når som helst.

* * *

«Så … når har du tenkt at vi skal gå tilbake til romskipet?» spurte RJ.

«Eg hadde ikkje tenkt på det i det heile tatt,» svarte Gunhild utan å snu seg. «Kanskje i morgon kveld.»

«Åh.» RJ høyrdes nesten litt skuffa ut.

«Er det eit problem for deg?»

«Nei då. Batteria mine går på solceller, dei, så eg risikerer ikkje å gå tom for straum med det første.»

«Straum?»

«Gløym det. Du ville ikkje forstå det uansett. Grunnen til at eg spurte, var eigentleg for din del.»

«Min del?» Gunhild verka forbløffa.

«Må du ikkje kvile på eit tidspunkt?»

«Ah. Jo då. Men ikkje før tidlegast i morgon.»

«Kvifor ikkje?»

«Eg er her for å overvake trolla. Dersom dei kjem ut av hola si i natt, vil eg vite det. Sove kan eg gjera når eg er ferdig her.»

«Er det sunt?»

«Eg har jakta på troll før. Det betyr lange periodar utan søvn. Ein gong eg leita etter eit uvanleg snedig troll, gjekk eg tre døgn utan å sove.»

«Men … kva med mat? Må ikkje di livsform ete?»

«Eg har mat med meg, så det er ikkje eit problem.»

«Åh.»

Gunhild stoppa. Ho høyrde ein lyd, eit steinkast unna. Ein kjent lyd, eit stille, men langvarig grynt. Kor lenge hadde dei gått rundt på fjellet og lett no? Kirabo hadde hatt rett i at RJ var god til å finne holer, men både han og Gunhild hadde undervurdert kor mange holer det eigentleg var i dette fjellet. Det hadde ført til mange timer med vandring frå hole til hole, og i dei fleste av desse holene var det enkelt for Gunhild å fastslå på under ti sekund at det ikkje hadde budd troll på årevis. Men den lyden var urovekkande kjent. Kor mange timer hadde passert? Det kunne då ikkje vera … Gunhild kasta eit blikk opp på himmelen. Sola var på veg ned. Pokker. Det var det ho frykta.

«Ned!» kviskra ho til RJ og hoppa mot næraste busk så stille ho kunne. RJ gjorde seg så liten han kunne og følgde etter.

«Kva er det?» sa han, med ei lågare røyst enn tidlegare.

«Lyden av troll som vaknar,» sa Gunhild. «Det kan ikkje vera noko anna. Eg … eg visste ikkje at det hadde blitt så seint.»

«Så vi har funne trollhola?» svarte RJ med eit tonefall som høyrdes relativt entusiastisk ut. «Er ikkje det bra? Var det ikkje det vi ville?»

«Jo,» kviskra Gunhild, irritert over at RJ ikkje kunne halde kjeft. «Men …»

Før ho rakk å fullføre setninga, såg ho at ein fakkel blei tent utanfor ei stor hole ti–femten meter unna. I lyset av fakkelen var det lett å sjå at tre troll kom ut av hola. To hanntroll, eitt hunntroll, og enno eit hunntroll som haldt fakkelen. Tre av desse trolla var større og kraftigare enn trollet ho hadde drepe på Gråfjell. Sannsynlegvis var det fleire troll inne i hola òg. Og sola var nesten nede. Det ville vera svært vanskeleg å røre seg no utan å bli oppdaga av trolla.

Gunhild svelgde, og fullførde setninga. «Men dette var sannsynlegvis det absolutt minst praktiske tidspunktet å finne ho på.»

* * *

Noko sånt som ei halvtime hadde passert. Det var ikkje så enkelt å halde oversikta lenger. Tre av trolla som hadde kome ut av hola tidlegare hadde gått ned mot havet – sannsynlegvis for å finne mat. Dei hadde iallfall ikkje gått i retning brygga, så dei hadde neppe tenkt seg til fastlandet. Det fjerde trollet – eit kraftig bygd hunntroll – haldt framleis vakt utanfor hola. Sola hadde uansett gått ned, så Gunhild visste at ho ikkje hadde ein sjanse til å ta det i ærleg kamp. Dessutan hadde trollet eit slags horn hengjande i ei snor rundt halsen. Gunhild tippa at om ho så mykje som viste seg, ville trollet blåse i hornet og tilkalle dei andre. Frå der det stod hadde trollet full oversikt over plassen rundt holeinngangen, og særleg i lyset frå dei fire faklane som no var sett opp i ein halvsirkel rundt holeopninga. Her var det ingenting anna å gjera enn å liggja heilt stille og håpe at trollet ikkje oppdaga henne.

«BIIIIIIIIIIIIIIIP!» Lyden skar gjennom lufta. Kva skjedde? Kvar kom han frå? … RJ? Trollet snudde hovudet, forvirra. RJ hadde heldigvis klart å stoppe lyden, så trollet kunne ikkje følgje lyden for å finne dei, og det var fleire buskar i området, men det visste openbart at noko var galent. Gunhild haldt pusten, og ho merka at ho hadde gåsehud. Trollet byrja å gripe etter hornet for å tilkalle fleire. Åh-åh. Dette var ikkje bra. Plutseleg rørte noko seg i ein busk eit lite stykke unna, og ein grevling kom springande ut. Trollet slapp hornet og følgde grevlingen med auga når han sprang over plassen og inn i eit skogholt. Så stilte det seg opp og byrja å halde vakt igjen. Gunhild pusta letta ut over at dette trollet openbart var for dumt til å skjøne at grevlingar ikkje lagde pipelydar.

«Beklagar,» sa RJ med ei svært låg røyst. «Det var kommunikatoren min. Eg fekk ei melding av Kirabo. Eg hadde gløymd å setja han på lydlaus.»

«Kva vil han?» kviskra Gunhild, irritert.

«Han ber oss om å kome ned til romskipet.»

«Vi kan ikkje. Ikkje no. Med litt flaks og ein god plan kan vi kome oss ned dit, men det vil uansett vera svært vanskeleg, så om det ikkje er noko viktig …»

«Det er eit nødsignal.»

«Hæ?»

«Han treng vår hjelp.»

Pokker. Dei tre trolla som hadde gått ned frå fjellet. Ho hadde bedt Kirabo om å halde seg i skipet, så han var sannsynlegvis trygg, men om trolla hadde oppdaga skipet, var det likevel ein viss sjanse for at … Gunhild hadde heilt gløymd Kirabo, ho hadde berre tenkt på seg sjølv. Korleis var det mogleg?

* * *

Kirabo svelgde tungt. Han hadde gått ut for å finne sopp, og plukka dei finaste han hadde klart å finne. Og så hadde han gått lenger inn i skogen. Og før han hadde visst ordet av det, hadde det vore mørkt. Då hadde han byrja å bevege seg tilbake mot romskipet. Han hadde ikkje sett for seg at nokon skulle kome dit før han. At trolla skulle kome dit før han. Likevel stod dei der no, tre stykkjar, ved romskipet hans og såg ut som om dei studerte det. Han hadde funne ein trestamme å gøyma seg bak, og håpa at dei ikkje skulle oppdage han. Han hadde allereie sendt eit nødanrop til RJ, men han hadde ikkje fått svar. Han forsøkte å sende eit nytt.

«Ver så snill,» tenkte han, «eg treng hjelp. Eg klarer ikkje dette aleine.»

Han prøvde å få eit godt blikk på trolla. Han var ganske sikker på at det minste var den same jenta som han hadde sett i skogen tidlegare den dagen. Ho likna iallfall. Dei to andre var kraftigare, og sannsynlegvis mykje sterkare. Dei stod og studerte romskipet, og jenta, som såg ut til å vera leiaren deira, sa eitt eller anna. Kirabo skulle ønskje at RJ var her så han kunne forstå kva dei sa. Men dei to andre nikka. Det såg ut som om nikkinga var eit teikn på at dei aksepterte eitt eller anna. Deretter gjekk dei to store trolla til kvar si ende av romskipet. Kvifor gjorde dei det? Dei kunne då ikkje … Kirabo gulpa. Han håpa at han tok feil, at det han frykta at haldt på å skje ikkje var sant, at han misforstod situasjonen. Kanskje dei berre ville studere romskipet og gå igjen. Men jo meir han såg av denne scenen, jo meir skjønte Kirabo at det ikkje var det dei haldt på med. Det eine trollet byrja å løfte på den eine enden av romskipet. Det var tungt, men trollet var sterkt. Det andre trollet tok tak i den andre enden og løfta det. Det minste trollet byrja no å bevege seg mot fjellsida, og gav eit signal til dei to andre om at dei skulle følgja etter. Med romskipet mellom seg, omtrent en halvalen over bakken, følgde dei etter henne. Dei tok romskipet hans. Sannsynlegvis tok dei det med til hola si, der det ville vera umogleg å få det tilbake. Og det var absolutt ingenting Kirabo kunne gjera med det.

* * *

«… og då trur eg vi sluttar for i kveld.»

«Hæ? Kvifor?»

«Fordi klokka er mange, og du skal sove.»

«Men kva skjer med romskipet? Korleis skal Kirabo kome seg tilbake?»

«Det får du vite i morgon.»

«Men eg er ikkje her i morgon! Du skal på eit dumt møte heile kvelden! Eg er hos pappa i morgon!»

«Eg veit det. Og det første eg hadde tenkt å gjera etter at du hadde sovna var å sende faren din ein e-post med ei oppsummering av det vi har snakka om i kveld, sånn at han kan fortelja vidare i morgon.»

«Seriøst? Du klarer å samarbeide med pappa om dette?»

«Eg lover. Men det er seint, så om eg skal rekke det må du leggja deg no. God natt.»

«Mmmh… Men eg vil … berre …»

«Du held allereie på å sovne. God natt, Ylva.»

«Ok … God natt, mamma.»

Trolløya : eit godnatteventyr (HTML-utgåve, ISBN 978-82-998751-4-1)